Pop i ope landskap
Frida Ånneviks nye songar har identitetspolitisk kraft.
Frida Ånnevik er inne i ein kreativ periode.
Pressefoto
Årets album frå Frida Ånnevik byr på ei viktig innsirkling av dei største identitetsspørsmåla vi menneske kavar med i våre korte, jordiske liv, anten det er åleine eller saman med andre. Det kan kanskje høyrest i overkant tungt ut. Men ikkje lat deg skremme. Dette markante, tematiske fokuset har ikkje forhindra Flyge fra frå å verte ei samling med vakker popmusikk du berre ønskjer å verte verande i.
Ikkje minst korarrangementa har nærast noko svimlande over seg i fleire av songane her, slik at eg går og kjenner meg beint fram ør av å lytte. Om band som Cocteau Twins eller Beach House har vore i tankane då Ånnevik laga denne plata, veit eg ikkje, men tankane går rett som det er i ei slik rening for denne lyttaren. Musikken er fantasifullt komponert, arrangert, og ikkje minst, framført, av den solide gjengen Ånnevik omgir seg med.
Kreativ periode
Ånnevik må vere inne i ei rivande kreativ periode, for førre album, Her bor, som gav henne ein vel fortent spellemannspris, kom så seint som i fjor. Ho er ein av dei fremste låtskrivarane våre, og ikkje minst tekstane er også denne gongen av høg kvalitet.
I mars fortalte artisten Haugesunds Avis at ho var i ferd med å verte meir politisk. Eg skjøner kva ho meiner. Flyge fra er utstyrt med ei identitetspolitisk kraft som er sjeldan for popmusikk. Det opnande tittelsporet set tonen. «Det du sjøl er kæinn du itte flyge fra», syng Ånnevik, på klingande Hamar-dialekt: «Har du det i kjeften eller i bena?»
Gripande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.