Ode til landsmora

J.S. Bachs «sørgjeode» er ei subtil hylling av ein politisk dissident.

Kurfyrstinna av Sachsen: Christiane Eberhardine von Brandenburg-Bayreuth (1671–1727) på eit kolorert koparstikk frå 1751.
Kurfyrstinna av Sachsen: Christiane Eberhardine von Brandenburg-Bayreuth (1671–1727) på eit kolorert koparstikk frå 1751.
Publisert

17. oktober 1727 fann ein politisk delikat seanse stad i Leipzigs universitetskyrkje, Paulinerkirche. I september same år døydde nemleg Christiane Eberhardine von Brandenburg-Bayreuth, kurfystinne av Sachsen, noko leipzigarane kjende seg moralsk forplikta til å markera. Men det trekte ut i tid, og til slutt tok ein ung adeleg student ved namn Hans Carl von Kirchbach saka i eigne hender.

Trass i mange byråkratiske hindringar engasjerte han Leipzigs mest renommerte intellektuelle, litteraturteoretikaren Johann Christoph Gottsched, til å skriva ein sørgjeode. Tonesetjinga skulle byens musikkdirektør, Johann Sebastian Bach (1685–1750), stå for. I pausen mellom den todelte oden ville den sjølvsikre studenten halda lovtalen over landsmora.

Bannlyst

Grunnen til at det elles så handlekraftige byrådet i Leipzig somla såpass lenge at ein student fann det naudsynt å gripa inn, var konfesjonell – og difor også politisk. Christiane Eberhardine var godt likt i den lutherskortodokse byen. Mannen hennar, kurfyrst August den sterke, hadde konvertert til katolisismen av politiske grunnar, nemleg for å kunna bli vald til konge av Polen. Slik pragmatisme låg ikkje for kurfyrstinna. Ho heldt fast på den lutherske trua si og blei difor ikkje berre nekta den polske dronningkrona, men bannlyst frå hoffet i Dresden og fråteken omsorgsretten til sonen, arveprinsen.

Korleis kunne så leipzigarane feira heltinna si, utan at dette blei oppfatta som ei hylling av ein konfesjonell dissident? I hovudstaden Dresden kunne det jo lett bli oppfatta som politisk provoserande.

Svulstig poesi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement