Sjølv om dette er lystig dansemusikk, er han disiplinert.
FOLKEMUSIKK
Duo Fjerdingøy & Andersson:
Jag levde den tiden
Wannadance Records
Dagens unge folkemusikarar møtest gjerne på utdanningsinstitusjonane og dannar grupper som går på tvers av geografisk tilknyting. Den norske toradarspelaren Hilde Fjerdingøy og den svenske felespelaren Hanna Andersson har begge studert ved Kungliga musikhøgskolan i Stockholm, og dei presenterer her tradisjonsmusikk frå Nordland og Gästrikland, rett nok i utøvarane sine eigne arrangement. Og desse er, typisk nok, prega av vilje til å ta vare på dei rytmiske og tonale stiltrekka til dei gamle bygdespelemennene, Hans T. Haugen (1900–1973) og Gustaf Jernberg (1881–1964), samstundes som Fjerdingøy og Andersson tilfører sitt eige, meir ungdomslege preg.
Det meste av musikken på plata er lystig dansemusikk: lette og overskotsprega framføringar av vals, gånglåt og pols(ka). Men sjølv om dette er «gladmusikk», er han framført profesjonelt og med respekt for kjeldene. Musikken er likevel disiplinert, med eit skolert preg.
Innimellom nokre av spora på plata har lydkunstnaren Anna Haglund plassert opptak som er inspirerte av utøvarane si leiting i gamle arkivinnspelingar. Her er lydar frå natur, trafikk, prat og gamle amatøropptak av ymse musikk. Dette er ein god idé som hevar produksjonen, men resultatet kunne ha vore enda meir spanande, dersom opptaka vart integrert i musiseringa til duoen.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
FOLKEMUSIKK
Duo Fjerdingøy & Andersson:
Jag levde den tiden
Wannadance Records
Dagens unge folkemusikarar møtest gjerne på utdanningsinstitusjonane og dannar grupper som går på tvers av geografisk tilknyting. Den norske toradarspelaren Hilde Fjerdingøy og den svenske felespelaren Hanna Andersson har begge studert ved Kungliga musikhøgskolan i Stockholm, og dei presenterer her tradisjonsmusikk frå Nordland og Gästrikland, rett nok i utøvarane sine eigne arrangement. Og desse er, typisk nok, prega av vilje til å ta vare på dei rytmiske og tonale stiltrekka til dei gamle bygdespelemennene, Hans T. Haugen (1900–1973) og Gustaf Jernberg (1881–1964), samstundes som Fjerdingøy og Andersson tilfører sitt eige, meir ungdomslege preg.
Det meste av musikken på plata er lystig dansemusikk: lette og overskotsprega framføringar av vals, gånglåt og pols(ka). Men sjølv om dette er «gladmusikk», er han framført profesjonelt og med respekt for kjeldene. Musikken er likevel disiplinert, med eit skolert preg.
Innimellom nokre av spora på plata har lydkunstnaren Anna Haglund plassert opptak som er inspirerte av utøvarane si leiting i gamle arkivinnspelingar. Her er lydar frå natur, trafikk, prat og gamle amatøropptak av ymse musikk. Dette er ein god idé som hevar produksjonen, men resultatet kunne ha vore enda meir spanande, dersom opptaka vart integrert i musiseringa til duoen.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.