Musikk

Ragnhild Furholt i godt lag

Vårevinden er musikk frå Vest-Agder i intim utforming.

Publisert

Sjølv om Ragnhild Furholt har hatt adresse i Telemark i mest ein mannsalder, er det musikken frå heimfylket Vest-Agder som ligg hjartet hennar nærast. På plate debuterte ho alt i 1981. I 1997 fekk ho spellemannpris for Segner syng. Landskappleiken har ho vunne fire gonger – seinast i 2001. På denne utgjevinga har ho sett saman ein ny trio med multiinstrumentalistane Anders Erik Røine og Elisabeth Vatn.

Låtmaterialet er henta frå ulike heimelspersonar i Vest-Agder og inneheld folketonar og folkelege tonar av ymse slag. Mykje av materialet finn ein att andre stader i landet, i lokale variantar, men ein finn også spor av påverknad frå dei britiske øyane, mellom andre i «Å gjev eg var heime».

Innspelinga er gjort med Tor Magne Hallibakken ved spakane. Han har mastra og er medprodusent. Produksjonen er intim og fangar opp knirk frå pedalane på trøorgelet og klapringa på klarinettklaffane. Arrangementa er utvikla av trioen kollektivt og står for meg som den fremste kvaliteten ved innspelinga. Instrumentariet gjev trioen ein fasettert klangpalett som dei utnyttar til fulle, men det er i første rekkje den finkalibrerte dynamikken som gjer at gåsehudaugneblinkane kjem tett. Elisabeth Vatns trøorgel- og klarinettspel på «Unge Svegder» og Ander Erik Røines spel på munnharpe i «Espelandsjenten» er to av mange døme på den gjennomgåande less is more-tankegangen som pregar arrangementa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement