Pære full
Dei musikalske tømmermennene OG Ron & The Chopstars fasiliterer Thundercats nachspiel og hangover.
R&B
Thundercat, OG Ron & The Chop-stars:
Drank
Brainfeeder
Vokalist og bassist Stephen «Thundercat» Bruner lagar silkemjuk funk, soul og R&B for vår tid. Det tredje albumet hans, Drunk, var ei av dei festlegaste og mest behageleg rusande platene i fjor. Der blei Marvin Gayes forførande og slibrige soul blanda med Frank Zappas frenetiske fusion, miksturen køyrd gjennom eit moderne produksjonsapparat og krydra med ei rekke meir og mindre obskure pop- og undergrunnskulturelle samplingar og referansar.
Drank er ei samling remiksar signert OG Ron & The Chopstars, ei gruppe som opererer i sjangeren «chopped and screwed». Desse nedsakka og opphakka spora læt i den eine augneblunken som det sjanglande minuttet før ein blir vist ut or ein nattklubb, i det neste som eit nachspiel i full forfjamsing, eller som den kvalme, desorienterte morgonen etter – og slik er det originalen burde ha høyrst ut, ifølgje Thundercat sjølv.
Kan hende fungerer desse forvridde remiksane vel så bra med tanke på tematikken rus og festing, men dei er uansett meir enn eit par hakk mindre tilgjengelege enn originalen. Dei har ein del til felles med interessante, men dryge musikalske internettrørsler som «vaporwave», der nedsakking av discolåtar frå åttitalet og andre dryge produksjonsteknikkar blir nytta i stor stil. Det er nok mest interessant for spesielt interesserte. Andre som ikkje har gjort det enno, kan heller unne seg eit møte med den originale plata Drunk.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
R&B
Thundercat, OG Ron & The Chop-stars:
Drank
Brainfeeder
Vokalist og bassist Stephen «Thundercat» Bruner lagar silkemjuk funk, soul og R&B for vår tid. Det tredje albumet hans, Drunk, var ei av dei festlegaste og mest behageleg rusande platene i fjor. Der blei Marvin Gayes forførande og slibrige soul blanda med Frank Zappas frenetiske fusion, miksturen køyrd gjennom eit moderne produksjonsapparat og krydra med ei rekke meir og mindre obskure pop- og undergrunnskulturelle samplingar og referansar.
Drank er ei samling remiksar signert OG Ron & The Chopstars, ei gruppe som opererer i sjangeren «chopped and screwed». Desse nedsakka og opphakka spora læt i den eine augneblunken som det sjanglande minuttet før ein blir vist ut or ein nattklubb, i det neste som eit nachspiel i full forfjamsing, eller som den kvalme, desorienterte morgonen etter – og slik er det originalen burde ha høyrst ut, ifølgje Thundercat sjølv.
Kan hende fungerer desse forvridde remiksane vel så bra med tanke på tematikken rus og festing, men dei er uansett meir enn eit par hakk mindre tilgjengelege enn originalen. Dei har ein del til felles med interessante, men dryge musikalske internettrørsler som «vaporwave», der nedsakking av discolåtar frå åttitalet og andre dryge produksjonsteknikkar blir nytta i stor stil. Det er nok mest interessant for spesielt interesserte. Andre som ikkje har gjort det enno, kan heller unne seg eit møte med den originale plata Drunk.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?