Orkestral essens
Staatskapelle Weimar spelar orkesterutdrag frå Wagners operameisterverk om drakedreparen Sigurd.
Valkyrjerittet, slik den britiske målaren William T. Maud såg det føre seg i 1890.
CD
Richard Wagner:
Der Ring ohne Worte
Staatskapelle Weimar; dir.: Hansjörg Albercht. Oehms 2017
Standard-
innspelinga:
Richard Wagner:
Der Ring ohne Worte
Berliner Philharmoniker; dir.: Lorin Maazel. Telarc 1988.
Den firdelte operasyklusen Der Ring des Nibelungen, som me på norsk plar kalla Nibelungenringen eller kort og godt «Ringen», er Richard Wagners (1813–1883) største og viktigaste verk. Librettoen (songtekstane) laga han sjølv, inspirert av Nibelungenlied, eit helteepos frå 1200-talet som blei gjenoppdaga på 1700-talet. Verket er tufta på fellesgermansk sogestoff med rot i historiske hendingar frå folkevandringstida som me òg finn i Den eldre Edda. Det er vel fyrst og fremst på grunn av Wagners tonesetjing at soga blei opphøgd til tysk nasjonalepos på 1800-talet, med drakedreparen Siegfried (i norske kjelder kalla Sigurd Fåvnesbane) som nasjonalhelt, ei sogedyrking som kuliminerte – og perverterte – under nasjonalsosialismen.
Gesamtkunstwerk
Med desse operaane la Wagner grunnen for ein ekte tysk romantisk opera, noko alle samtidige tyske komponistar, mellom dei Schumann og Mendelssohn, hadde mislukkast med. Men sjølv om sogene er germanske, er den formal-
estetiske ideen gresk: Etter førebilete av den klassiske tragedien skulle musikk, poesi, dans og biletkunst her smeltast saman til eitt einskapleg kunstverk, noko tyskarane kallar «Gesamtkunstverk». Nærare 16 timar tek det å framføra heile «Ringen», difor blir han på operafestivalar vanlegvis – og heldigvis! – fordelt på fire kveldar.
Ringen utan ord
Om du ikkje orkar å pådra deg heile «Ringen», er dirigenten Hansjörg Albercht og Staats-
kapelle Weimars nye album Der Ring ohne Worte («Ringen utan ord») midt i blinken. Her får me på ein dryg time nemleg nyta dei storfelte orkesterstykka i syklusen. Dei fyrste arrangementa av verket som rein orkestermusikk, var det komponisten sjølv som stod for. Men det var den amerikanske dirigenten Lorin Maazel og Berlinarfilharmonikarane som for fyrste gong spelte inn syklusen i denne kondenserte forma på eit legendarisk album frå 1988.
Korleis står så den nye innspelinga seg i høve til den gamle med Berlinarfilharmonikarane? Lat oss ta to stikkprøvar.
Valkyrjerittet
Det lange forspelet til den fyrste operaen Rhingullet byrjar med ein basstone som ligg som demringsdisen over Rhinen. Or denne stig fyrst rolege treklangar av fjerne horn, så kjem skalaar frå fiolinane som glimer som milde solstrålar opp frå horisonten. Her er det meir malmfull, diffus bassklang på det gamle albumet, medan lydbiletet på det nye er slankare og framhevar solstrålane heller enn demringsdisen.
Den mest kjende satsen på plata er «Valkyrjerittet», forspelet til tredje akt i operaen Valkyrjen. I populærkulturen er han mellom anna nytta i krigsfilmen Apokalypse nå! frå 1979, der dei flygande valkyrjene (kvinnelege dødsvette, òg kalla skjoldmøyar) er bytte ut med kamphelikopter på jakt etter Viet Cong-soldatar. På den gamle innspelinga, som har eit noko høgare tempo, er det frå fyrste stund meir temperament og krigslyst over spelet, der særleg messingblåsarane får herja fritt. I den nye innspelinga er det derimot meir dynamiske nyansar og tydelegare artikulasjon; det kling rett og slett meir sivilisert.
Kva innspeling er så best? Den nye med Weimar-orkesteret har betre, meir detaljrik lyd på opptaket, medan den gamle med Berlin-orkesteret har meir levd liv ved seg. Eg likar dei begge – likevel er det nok den gamle eg oftast kjem til å putta i CD-spelaren.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.