DAMN. er ei hiphopplate tufta på kontrastar.
Hip-hop
Kendrick Lamar:
DAMN.
Top Dawg/Aftermath/Interscope
DAMN. er den kaliforniske hiphopartisten Kendrick Lamars fjerde studioalbum. Plata har skapt enorme mengder entusiasme hos musikkmeldarane i verdsaltet, og ho er på sitt beste når rytmane er knallharde, bassen på sitt mest brutale og artisten rappar på sitt mest munnrappe.
Kendrick Lamar er ein virtuos vokalist som veit å spele på kontrastar i både tempo og stemmeleie. Tekstane flyt i den eine augneblunken silkemjukt av garde som ein seglbåt i sønnavinden; i den andre blir dei framførte i eit forrykande, maskingeværaktig tempo. Men det lyrikken fortel, kan stundom verke litt forvirra og forvirrande. Mang ein entusiast har alt prøvd seg på å analysere spora, som alle, i likskap med platetittelen, har fått namn etter eitt enkelt ord i store bokstavar etterfylgt av eit punktum, i samanheng, som eit konseptalbum. Det ser ut til å handle om ei utforsking av ljos og mørke, yin og yang, og det sjølvbiografiske ser ut til å stå i fokus: Avslutningssporet heiter «DUCKWORTH.» Duckworth er etternamnet til artisten.
To av høgdepunkta, låtane «HUMBLE.» og «DNA.», har fått seg nokre ville musikkvideoar som kan anbefalast på det varmaste. (Sjå dei på YouTube). Elles er plata best når ein høyrer gjennom henne frå start til slutt: Då fungerer sjølv dei svakaste, mest sjølvmedynksame spora, slik som «GOD.», og attpåtil dei som har Rihanna og U2 – som på ingen måte er blant favorittartistane til denne meldaren – med på laget.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hip-hop
Kendrick Lamar:
DAMN.
Top Dawg/Aftermath/Interscope
DAMN. er den kaliforniske hiphopartisten Kendrick Lamars fjerde studioalbum. Plata har skapt enorme mengder entusiasme hos musikkmeldarane i verdsaltet, og ho er på sitt beste når rytmane er knallharde, bassen på sitt mest brutale og artisten rappar på sitt mest munnrappe.
Kendrick Lamar er ein virtuos vokalist som veit å spele på kontrastar i både tempo og stemmeleie. Tekstane flyt i den eine augneblunken silkemjukt av garde som ein seglbåt i sønnavinden; i den andre blir dei framførte i eit forrykande, maskingeværaktig tempo. Men det lyrikken fortel, kan stundom verke litt forvirra og forvirrande. Mang ein entusiast har alt prøvd seg på å analysere spora, som alle, i likskap med platetittelen, har fått namn etter eitt enkelt ord i store bokstavar etterfylgt av eit punktum, i samanheng, som eit konseptalbum. Det ser ut til å handle om ei utforsking av ljos og mørke, yin og yang, og det sjølvbiografiske ser ut til å stå i fokus: Avslutningssporet heiter «DUCKWORTH.» Duckworth er etternamnet til artisten.
To av høgdepunkta, låtane «HUMBLE.» og «DNA.», har fått seg nokre ville musikkvideoar som kan anbefalast på det varmaste. (Sjå dei på YouTube). Elles er plata best når ein høyrer gjennom henne frå start til slutt: Då fungerer sjølv dei svakaste, mest sjølvmedynksame spora, slik som «GOD.», og attpåtil dei som har Rihanna og U2 – som på ingen måte er blant favorittartistane til denne meldaren – med på laget.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.