JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Dag Arnesen er modig når han atter ein gong lagar musikk med desse vedkjende ingrediensane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1949
20170623
1949
20170623

JAZZ

Bergen Big Band & Dag Arnesen:

Norwegian Song IV

Odin 2016

Pianisten Dag Arnesen gav i perioden 2007–2010 ut tre plater der han tok føre seg «den norske songskatten». Dette er melodiar me kjenner frå folkemusikksamlaren Ludvig M. Lindeman, komponisten Edvard Grieg, notesamlinga «Norges melodier», skulesongbøkene og så vidare. Lite nytt, med andre ord.

Medan dei tre første platene var trio- og kvartettinnspelingar, er det eit langt meir lydsterkt format som kling denne gongen. Bergen Big Band er – rett nok – eit svært disiplinert og dynamisk storband, men likevel er det ein stor kontrast mellom det intime og stillferdige i nasjonalsvisker som «Våren», «Ved Rondane», «Astrid, mi Astrid» og krafta i eit førsteklasses storband. Samstundes som dette er ei utfordring, og av og til litt baktungt, er det dette som gjev plata spanande å lyda til.

Arrangementa er Arnesens eigne. Orkestreringa ber preg av arrangørens underkommuniserte klassiske skolering, samstundes som det vert gjeve rom til gode solistar som mellom andre saksofonistane Elisabeth Trøen Lid og Kjetil Møster, og Arnesen sjølv.

Det er noko klisjéfylt over dette prosjektet som minner oss om nasjonalromantikk og «jazz på svenska» i norsk versjon, men samstundes som me i vår ironiske etterpåklokskap kan flira av alt dette, lyt det seiast at det er modig av Arnesen atter ein gong å laga musikk av desse velkjende ingrediensane. Det er glitrande som storbandmusikk, samspelt kammerjazz, og melodiane er uslitelege. På ingen måte innovativt, men likevel: Det er ei glede å lyda til denne raffinerte samansmeltinga av folkemelodiar, virtuos orkestrering og jazz.

Lyden er dessutan framifrå, og valet av Duper studio og Yngve Sætre som teknikar og produsent lyfter også denne musikkforma.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis