Avslappande energisk
Slow Fade byr på dansbar musikk som òg kan lyttast til.
Elektronika
Daniel Avery:
Slow Fade
Mute Records
Den britiske produsenten Daniel Avery har gitt ut elektronisk musikk sidan 2012. Den førre utgjevinga hans heitte Drone Logic, men Slow Fade er på mange måtar meir «dronete» (i tydinga lange barduntonar og repeterande snuttar med minimale, subtile variasjonar). No har Avery gått bort frå dei røffe og småbanale technoklisjélydane og litt enerverande, gamaldagse stemmesamplingane som gjer at eg ikkje heilt har klart å nyte mykje av musikken han tidlegare har gitt ut.
Slow Fade er ein mørk og atmosfærisk EP, samansett av fire hypnotiske spor. Tempoet er, som tittelen hintar om, ganske lågt, og det heile har ein sedativ, men likevel energisk, effekt – musikken er avslappande samstundes som han får dansefoten til å røre på seg. Mjuke, suggererande synthmelodiar slangar seg kring trege rytmar samansette av lange, djupe og syngande basstrommer og cymbal- og skarptrommemønster med lang, kviskrande etterklang. Det læt på same tid både tungt, mjukt, sprøtt og fuktig.
Slow Fade er opptakten til Averys andre album, som skal kome ut seinare i år. Etter kvaliteten på denne utgjevinga å dømme ser det ut til at Avery har mogna som artist. Lydbiletet på denne nye utgjevinga har mykje til felles med den heilstøypte produsenten Andy Stotts suggererande, mørke og flytande musikk. Dette er elektronisk musikk som det både går an å lytte aktivt til, bruke som behageleg bakgrunnsmusikk og danse til. Det lovar godt for utgjevingane som skal kome.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Elektronika
Daniel Avery:
Slow Fade
Mute Records
Den britiske produsenten Daniel Avery har gitt ut elektronisk musikk sidan 2012. Den førre utgjevinga hans heitte Drone Logic, men Slow Fade er på mange måtar meir «dronete» (i tydinga lange barduntonar og repeterande snuttar med minimale, subtile variasjonar). No har Avery gått bort frå dei røffe og småbanale technoklisjélydane og litt enerverande, gamaldagse stemmesamplingane som gjer at eg ikkje heilt har klart å nyte mykje av musikken han tidlegare har gitt ut.
Slow Fade er ein mørk og atmosfærisk EP, samansett av fire hypnotiske spor. Tempoet er, som tittelen hintar om, ganske lågt, og det heile har ein sedativ, men likevel energisk, effekt – musikken er avslappande samstundes som han får dansefoten til å røre på seg. Mjuke, suggererande synthmelodiar slangar seg kring trege rytmar samansette av lange, djupe og syngande basstrommer og cymbal- og skarptrommemønster med lang, kviskrande etterklang. Det læt på same tid både tungt, mjukt, sprøtt og fuktig.
Slow Fade er opptakten til Averys andre album, som skal kome ut seinare i år. Etter kvaliteten på denne utgjevinga å dømme ser det ut til at Avery har mogna som artist. Lydbiletet på denne nye utgjevinga har mykje til felles med den heilstøypte produsenten Andy Stotts suggererande, mørke og flytande musikk. Dette er elektronisk musikk som det både går an å lytte aktivt til, bruke som behageleg bakgrunnsmusikk og danse til. Det lovar godt for utgjevingane som skal kome.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?