Migrasjonsforteljingar

Dei nye songane til M. Ward går vår tids uro i møte.

Songane til M. Ward tek utgangspunkt i migrasjonsforteljingar frå ulike kjelder.
Songane til M. Ward tek utgangspunkt i migrasjonsforteljingar frå ulike kjelder.
Publisert

Eg fann fred i den uverkelege byen, syng M. Ward over nokre smektande, analoge synthar, i «Unreal City», det sjette sporet på ferske Migration Stories.

Kvar den byen finst, er eit ope spørsmål, men kanskje ligg det noko i at frasen faktisk er eit ekko frå T.S. Eliots «The Wasteland», for i Wards by søkjer forteljaren tilflukt frå ein øydeleggjande katastrofe: «I saw the big one break.»

Den diktlesande California-buaren Ward har fortalt i intervju at katastrofen i songen stammar frå ein draum han har igjen og igjen, om ein tsunami i horisonten – og frå den vedvarande frykta som rår i heimstaten for at eit jordskjelv ein gong skal ramme. Ut av dette har han altså smidd eit fint lite stykke postapokalyptisk popmusikk.

Novelleaktig

Som tittelen tilseier, sirklar songane på Migration Stories rundt migrasjonsforteljingar frå vidt ulike kjelder: Wards eiga familiehistorie, vener av han eller ting han har kome over i aviser og på fjernsyn. Prosjektet kjennest tydeleg forankra i vår eiga urolege samtid, men snarare enn å ha ein dokumentarisk kvalitet har forteljingane noko novelleaktig over seg. Det verkar også definerande at ein oppbyggeleg åre går gjennom dette materialet, i møte med alt det destruktive som gjennomsyrer det.

M. Ward fortener meir merksemd som soloartist. Det skreiv eg på desse sidene då More Rain kom ut for fire år sidan. For det er framleis slik at dei fleste som kjenner til mannen, kjenner han som bakmann, sidemann og samarbeidspartnar. Etter kvart har det vorte seks elegante retro-pop-plater med Zoey Deschanel, som She & Him, og somme vil vel kjenne han frå supergruppekonstellasjonen Monsters of Folk, der han deler rampelys med Jim James (My Morning Jacket), og Conor Oberst og Mike Mogis (Bright Eyes). M. Ward dukkar opp i mange samanhengar – berre dei siste åra har han vore i studio og på turné med Mavis Staples, Jenny Lewis, Norah Jones, Cat Power, Neko Case, Lucinda Williams og Peter Buck (R.E.M.) – for å nemne nokre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement