Kvileskjer av Jaga Jazzist

Det verkar som Jaga Jazzist har gjeve ut ei plate utan å ha noko på hjartet.

Publisert

Det har blitt lengre mellom drammane frå Jaga Jazzist, ungdomsbandet frå Tønsberg som tok Festival-Noreg med storm i siste halvdel av 1990-åra. Etter Warner-utgjevinga A Livingroom Hush (2001) blei dei ein del av norsk jazz som også erobra den europeiske jazz- og festivalscenen. Seinare har besetninga skifta, og enkeltmedlemmer har hatt sine soloprosjekt. Dei tre siste utgjevingane har såleis kome med fem års mellomrom.

Eg nærma meg dei fire låtane på Pyramid i fleire rundar enten via høgtalarar eller hovudtelefonar, men konklusjonen blir den same – smakfullt, kompetent og strokent produsert, men det er ingenting som tek tak og røskar i ein gamal skrott (sjølv om Martin Horntveth gjer så godt han kan).

Komponisten Lars Horntveth brukar verkemiddel som gjer arrangementa svært føreseielege, men her manglar substans og vendingar som kan overraska. På Fela Kuti-hyllinga «The Shrine» er noko på gang. Etter gode to minuttar byrjar det å byggja seg opp, men to og eit halvt minutt seinare blir det slått av med nokre vasne synthakkordar for så å kopla seg på grooven att. Slik går det slag i slag til det visnar kraftlaust vekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement