Intellektuelt atterhald
Det er vakker flyt i Accademia d’Arcadias framføring av Alessandro Grandis motettar.
Kyrkja Santa Maria Maggiore i Bergamo, der Alessandro Grandi (1590–1630) var kapellmeister.
Foto: Sjur Haga Bringeland
CD
Alessandro
Grandi:
Celesti Fiori – Motetti
Accademia d’Arcadia; UtFaSol Ensemble; dir.: Alessandra Rossi Lürig. Arcana 2019
Då eg vitja den mellomalderske, men sterkt «barokkiserte» basilikaen Santa Maria Maggiore i norditalienske Bergamo, var det for å sjå det vakre gravmonumentet til byens store son, den viktige operakomponisten Gaetano Donizetti. Overraskande var det at læraren hans, den bayerske operapioneren Johann Simon Mayr, låg få meter unna.
Noko minneplate for den venetianske komponisten Alessandro Grandi, som vokalensemblet Accademia d’Arcadia og instrumentalensemblet UtFaSol på denne plata gjev oss motettar av, såg eg ikkje. Det vil seia: Eg såg ikkje etter noko slikt heller, for sjølv om Grandi var ein viktig og populær komponist langt utover Italia i tidlegbarokken, er han ikkje noko meir enn ein parentes i musikksoga. Men i Bergamos Santa Maria Maggiore – eit musikalsk sentrum i Nord-Italia på 1600-talet – var Grandi altså kapellmeister dei siste åra av livet sitt, før han (saman med kona og mesteparten av familien) brått blei reiven bort av pesten i 1630.
«Cantade»
Innspelinga syner at òg musikkhistoriske parentesar kan gje gripande opplevingar. Utvalet dirigenten Alessandra Rossi Lürig har gjort frå Grandis 300 verk store opusliste, syner ein komponist med éin fot i renessansen og éin i barokken: Den vakre flyten i motettane er 1500-tals, medan dei deklamatoriske, retorisk effektfulle teksttonesetjingane er byrjinga på barokkens kyrkjemusikk, den som kulminerte med J.S. Bachs kantatar. Faktisk er Grandi mellom dei fyrste – om ikkje den fyrste – som nyttar omgrepet «Cantade» om kyrkjeverka sine.
Grandis motettar (stutte kyrkjemusikkstykke) er ikkje strengt polyfone i tydinga at alle stemmene blir handsama likt. Det harmoniske grunnlaget er nemleg alltid ei instrumental bassline, den me kallar basso continuo, som UtFaSol spelar med orgel og lutt. Over basslina utfaldar songstemmene seg i virtuose melodirørsler, nokre gonger solo, andre stader som duett eller trio, ofte avløyste av elegante instrumentale mellomspel.
Eksorsist
Eit godt døme på korleis Grandi skapar dramatisk utvikling, høyrer me i Factum est silentium in caelo («Der var stille i himmelen»), som handlar om erkeengelen Mikaels kamp med draken. I fyrste delen er det stille før stormen; ein einsleg sopran kunngjer kampen, som så blir illustrert gjennom raske melodikaskadar i blåseinstrumenta. Ikkje før mot slutten, etter at draken har fått banesår, kjem koret inn og hyllar Herren med klåre, breie akkordar.
Drakar og demonar var elles noko Grandi kjende til, for medan han utdana seg ved Markuskyrkja i Venezia, arbeidde han som eksorsist, altså djevelutdrivar. Sjefen hans i Venezia var Claudio Monteverdi, komponisten som gjerne blir kalla barokkmusikkens far. Korleis er så Grandis musikk om me samanliknar med den til Monteverdi? Han er nok meir lågmælt, utan den radikale tonen me kjenner frå Monteverdis musikk. Men nettopp dette lågmælte, som har eit snev av intellektuelt atterhald, gjer han karakteristisk og interessant.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.