JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

I same rom

Julia Holter nytolkar eigne songar i eit platestudio.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2840
20170324
2840
20170324

Kunstpop

Julia Holter:

In The Same Room

Domino/Playground

Dei der ute som av uforståelege grunnar enno ikkje har teke seg tid til å oppdage den formidable Julia Holter, får ein god sjanse no, med In The Same Room, ei utgiving som både tener fint som ein introduksjon til artisten, og som ei oppsummering av framveksten av eit nytt, sentralt popkunstnarskap.

In The Same Room er første utgiving i Documents, ein ny serie frå plateselskapet Domino, der artistane deira framfører sine eigne songar live i løpet av ein dag eller to i eit platestudio, i dette tilfellet RAK Studios i London. Med seg har Holter, som sjølv sit bak tangentane, ensemblet sitt: Corey Fogel på trommer og vokal, Dina Maccabee på bratsj og vokal, og Devin Hoff på ståbass.

In The Same Room hentar tittel frå ein song frå Ekstasis (2012), eit studioalbum Holter ikkje framfører noko frå i opptaket vi no får tilgang til. Og den første plata, Tragedy (2011), som var inspirert av eit stykke av Euripides, er representert med berre eit spor, «So Lillies», som her står fram i ei radikal nytolking.

Markant utvida
repertoar

Holter har med andre ord plassert all vekt på dei to siste verka: Loud City Song (2013), som ho har henta tre songar frå, og Have You In My Wilderness (2015), som heile sju av desse elleve spora stammar frå. Ein grunn til det er sjølvsagt at dette opptaket er gjort nokre dagar etter at Holter spelte på Green Man-festivalen i Wales i fjor – turneen henta naturleg nok hovuddelen av repertoaret frå den ferskaste utgivinga.

Då Holter vitja både Oslo og Bergen i mai 2014 fekk eg med meg den fine, noko korte konserten i sistnemnte by. Opptaket på In The Same Room, gjort vel to år seinare, ber preg av eit allereie markant utvida repertoar, og eit både tettare og friare band.

Perfekt lyd

Dei tradisjonelle konsertplatene skal ofte dokumentere ein kommunikasjon mellom artist og publikum. Det er ikkje meininga med In The Same Room, som snarare dokumenterer Holter og bandet i fri utfalding innanfor det ein må kunne kalle kontrollerte rammer, snarare enn som del av eit tett festivalprogram, anten det no føregår innandørs eller under open himmel. Då eg høyrde henne ein sein Nattjazz-kveld i Bergen kunne det tidvis vere for mykje uro i rommet for denne typen musikk.

Her er lyden perfekt og presisjonen upåklageleg, og vi kjem tett på musikken idet han vert framført. I pianoballaderiet sender Holter uunngåeleg tankane til Kate Bush, som i gripande «Betsy on the Roof», og ho trivst elles godt der grensene mellom popen, jazzen og kunstmusikken vert utydelege, i likskap med andre artistar ho kan minne om, som John Cale og Laurie Anderson. Eg ser fram til neste prosjekt med store forventningar.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis