Eyolf Dale i stort format
Scheen jazzorkester er eit knakande godt storband.
Scheen jazzorkester har ei rimeleg fast besetning og ein tydeleg kunstnarleg filosofi. Bandet engasjerer eigne krefter til å skriva musikk. Grenlandsområdet blir garantert ikkje opprådd for nye prosjekt med det første. Eyolf Dale har komponert og arrangert dei ni låtane på Commuter Report, ein tittel Dale fann naturleg då mange idear og skisser til musikken på plata kom til han på dei dagelege togturane til og frå jobb.
Solide solistar
Dale skriv vakre og særmerkte tema som ein lett får tak i. Rytmisk kan det til tider vera komplekst, men det høyrest naturleg og logisk ut. Det hjelper sjølvsagt å ha Audun Kleive på laget. Heilt nedpå er Dale i «Overture» der Jon Øystein Rosland avløyser orkesteret i ei rubato meditativ fabulering. Dei glir fint over i den franskinspirerte «Rhône» der akkordeonet til Rune Klakegg kjem til sin rett. Det er i det heile flust med solide solistiske markeringar på plata.
Høgdepunkt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.