Eineståande på alle måtar
Egil Kapstad debuterte som solopianist 57 år gamal.
Rollene Egil Kapstad (1940–2017) hadde i norsk jazz, er tallause. Innverknaden han hadde på norsk kulturliv som musikar, komponist og organisasjonsmenneske, kan ikkje overvurderast. Med dette bakteppet forundrar det at Kapstad har gjeve ut få titlar i eige namn. Forklaringa er vel enkel nok. Kapstad var velviljen sjølv, og mange fekk nyta godt av gjevnadene han hadde som akkompagnatør. Han medverkar på over 100 innspelingar. I tillegg har han skrive musikk til meir enn 50 teaterstykke.
Dei sju tidlegare utgjevingane han har gjeve ut i eige namn, har klassikarstatus, alle som ei. Live at Molde Jazz føyer seg fint inn i rekkja. Konserten på Moldejazz gjekk føre seg 18. juli 1997. 57 år gamal spelte Kapstad sin første og nest siste solokonsert. Nesten ikkje til å tru.
Kapstad kom til Molde særs godt budd. Programmet er spanande. Både låtvala og samansetjinga er gjennomtenkte. Koplinga Béla Bartók («Concerto for Orchestra»), Bill Evans («Remembering The Rain») og Duke Ellington («In A Sentimental Mood») set komposisjonane i nytt perspektiv. Dette er gjennomgåande. Kapstad inkluderer Aleksandr Skrjabin og Sparre Olsen på lik linje med Thelonious Monk og Jimmy Rowles.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.