Ein ny plass å vere frå

Phoebe Bridgers får det keisame og triste til å høyrest spanande og vakkert ut.

Phoebe Bridgers har gjeve ut ei av dei beste platene i år, meiner Øyvind Vågnes.
Phoebe Bridgers har gjeve ut ei av dei beste platene i år, meiner Øyvind Vågnes.
Publisert

«Tre klikk og eg er heime», syng Phoebe Bridgers i «I Know The End», ei nær skildring av konfliktfylt heimlengt. Frå ein eller annan lite sjarmerande del av Texas tillèt artisten seg å late att auga og fantasere seg bort. Og når ho ein gong kjem heim, syng ho, kjem det til å ende som det brukar: «I’ll get up and lay back down/ Romanticize the quiet life/ There’s no place like my room.»

Songen er mindre enn tre klikk unna om du vil ta ein lytt, for Bridgers framførte ein fin versjon på Pitchforks Instagram i april, nett frå sitt eige rom, med ei potteplante hengande i bakgrunnen. «I’ll find a new place to be from», heiter det mot slutten av songen, som fekk preg av å tone ut i ei tid der kollektiv isolasjon sette sitt avtrykk på alt.

Framifrå låtskrivar

«I Know The End» er utstyrt med ein verkeleg utsøkt tekst, og etter å ha lytta til Punisher, det nye albumet songen høyrer heime på, har eg forstått at Bridgers rett og slett er ein av sin generasjons fremste låtskrivarar. I eit større portrettintervju den framifrå musikkskribenten Amanda Petrusich gjorde med henne for The New Yorker i mai, fortel Bridgers kor hardt ho arbeider med kvart ord og kvar line: «I tweak lyrics a million times.» Det er ein kvalitet som også har gitt artisten stor integritet hos kollegaer det er naturleg å samanlikne henne med. Til Petrusich fortel Matt Berninger i The National at han meiner Bridgers skriv svært godt «om det keisame og triste», som ho får til å høyrest «spanande og vakkert ut». Det er godt sagt.

Stranger In The Alps, debutplata til Bridgers, kom ut i 2017, og i åra som har følgt, har fleire og fleire oppdaga henne, anten som soloartist eller i to viktige samarbeid, nemleg EP-plata Boygenius (2018), som ho laga saman med Julien Baker og Lucy Dacus, og Better Oblivion Community Center, albumet ho i fjor gav ut saman med Conor Oberst.

Musikkhistorie

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement