Arkivet: Steve Earles Guy
Steve Earle og musikarane.
Pressefoto
Det finst vel nokre lesarar der ute som skaffa seg Townes (2009), den fine plata der Steve Earle tolka Townes Van Zandt. No er Guy (New West/Border) her, ein slags oppfølgjar, der Earle saman med The Dukes gjer nye versjonar av 16 av Guy Clarks (1941–2016) låtar.
Høgdepunkt? Det er fleire, men når Earle snakkesyng seg gjennom «The Randall Knife», er han kanskje på sitt aller beste. Aldri har eg vel høyrt Clarks far–son-forteljing lyde betre. Guy dunstar av gammalt vennskap, utan at prosjektet nokon gong står i fare for å verte sentimentalt. Det fell heilt naturleg når Earle igjen framfører nydelege «L.A. Freeway», songen han sjølv kora på då Clark gav han ut på Old No.1 (1975). På mange måtar framstår Guy som ein rørande manifestasjon av Clarks kvalitetar som låtskrivar.
The Dukes kler Earles tolkingar ypparleg, med Kelley Looney på bass, Brad Pemberton på trommer, Ricky Ray Jackson på steelgitar, Eleanor Whitmore på fele og mandolin og Chris Masterson på gitar. I tillegg stikk fleire kjentfolk innom, inkludert gamle travarar som Emmylou Harris, Rodney Crowell og Jerry Jeff Walker.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det finst vel nokre lesarar der ute som skaffa seg Townes (2009), den fine plata der Steve Earle tolka Townes Van Zandt. No er Guy (New West/Border) her, ein slags oppfølgjar, der Earle saman med The Dukes gjer nye versjonar av 16 av Guy Clarks (1941–2016) låtar.
Høgdepunkt? Det er fleire, men når Earle snakkesyng seg gjennom «The Randall Knife», er han kanskje på sitt aller beste. Aldri har eg vel høyrt Clarks far–son-forteljing lyde betre. Guy dunstar av gammalt vennskap, utan at prosjektet nokon gong står i fare for å verte sentimentalt. Det fell heilt naturleg når Earle igjen framfører nydelege «L.A. Freeway», songen han sjølv kora på då Clark gav han ut på Old No.1 (1975). På mange måtar framstår Guy som ein rørande manifestasjon av Clarks kvalitetar som låtskrivar.
The Dukes kler Earles tolkingar ypparleg, med Kelley Looney på bass, Brad Pemberton på trommer, Ricky Ray Jackson på steelgitar, Eleanor Whitmore på fele og mandolin og Chris Masterson på gitar. I tillegg stikk fleire kjentfolk innom, inkludert gamle travarar som Emmylou Harris, Rodney Crowell og Jerry Jeff Walker.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB