Arkivet: Muddy Waters

Publisert

Tidlegare i haust kom The Montreux Years, ein boks med opptak frå tre konsertar Muddy Waters (1913–1983) gjorde på Montreux Jazz Festival i tidsrommet 1972–1977. Det er ei utgiving som byr seg som eit fint høve til å lytte, anten du er framand for artisten eller ønskjer å høyre meir, med eit repertoar tett på klassikarar.

Opptaka høyrer til perioden då Waters laga fire plater for Blue Sky Records, alle produserte av Johnny Winter, mellom dei høgdepunktet Hard Again (1977), og det er ein fest å høyre opptaka frå Montreux-festivalen det same året, ikkje minst ikoniske «Got My Mojo Working».

Songen vart ein slags signaturlåt etter Newport-festivalen i 1960, og medverka til å gi Waters eit veksande publikum av rockelyttarar, noko som særleg gjorde seg gjeldande i åra denne boksen dokumenterer, då han til dømes fekk ein plass i The Band-konsertfilmen The Last Waltz (Martin Scorsese, 1978), som vart spelt inn i San Francisco hausten 1976.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement