Arkivet: Mavis, 80
Mavis Staples feirar 80-årsdagen med fleire konsertar.
Foto: Myriam Santos
I sommar fyller Mavis Staples 80 år, noko som vert feira i fleire amerikanske byar med festkonsertar med eit koppel av flotte gjestar – i går i New York, onsdag i Nashville og etter kvart i Los Angeles – tre kveldar i løpet av det som kjem til å verte ein lang turné som også tek henne til Europa. I tillegg er ho saktens også plateaktuell – ikkje berre med éi, men med to plater.
Tidlegare i år kom fyrverkeriet Live in London, eit energisk opptak gjort i løpet av to kveldar på The Union Chapel i fjor sommar, der hovudfokuset ikkje låg på gamle klassikarar, men snarare på nytt materiale, særleg Jeff Tweedy-produserte You Are Not Alone (2011) og If All I Was Was Black (2018). For meg er eit av dei store høgdepunkta på albumet den heilt råe versjonen av Talking Heads-låten «Slippery People,» ein song The Staple Singers faktisk alt framførte i midten av 1980-åra, ikkje lenge etter at songen først hadde sett dagslys.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.