Arkivet: Joan As Police Woman
Joan As Police Woman spelte på Parkteatret i Oslo i 2018.
Pressefoto
Det er nok ikkje berre eg som skulle ha vore i Parkteatret i Oslo i april 2018, då Joan As Police Woman kom innom, på turneen som følgde albumet Damned Devotion. Slik vart det ikkje, men no vert det likevel konsert, i stova, i beste pandemistil, med albumet Live (Sweet Police/ Border), som vart spelt inn med bandet i studio i New York på tampen av turneen, og inneheld materialet frå konsertane – ein elegant dokumentasjon.
Joan Wasser (f. 1970) tok til å lage musikk som Joan As Police Woman for to tiår sidan, og sidan har det vorte fleire herlege soulalbum. Damned Devotion skaffa henne likevel eit større publikum, og på turneen i 2018 var kritikkane fantastiske – då Kitty Empire (The Guardian) høyrde henne i Glasgow, resulterte det i ein glødande konsertomtale av slaget som straks får deg til å tenkje: Der skulle eg ha vore.
På Live er både Wasser og bandet i storform. Ikkje minst er albumet ei påminning om kor mange sterke låtar det har vorte med åra, for repertoaret er framifrå sett saman. Eg mjuknar godt når balladen «Start of My Heart» frå andrealbumet To Survive (2008) strøymer ut av høgtalarane, og er glad for at plata rommar konsertsalens veksling i tempo og stemningar, slik at det på oppløpet vert ganske så heftig, idet «The Silence» frå Damned Devotion (2018) glir over i «The Magic» frå The Deep Field (2011) og deretter kulminerer i den solide Prince-coveren «Kiss».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.