🎧 Felekoryfeen
I hendene på Enrico Gatti spelar det inga rolle om Assisi-sonatane er «ekte».
Klassikar: Den italienske komponisten Arcangelo Corelli (1653–1713).
Lytt til artikkelen:
CD
Arcangelo
Corelli (?):
The ’Assisi’ Sonatas
Ensemble Aurora; Enrico Gatti,
barokkfiolin. Glossa 2014
Arcangelo Corelli kviler mellom dei største. I Pantheon i Roma ligg han side om side med kunstfyrstar, som Rafael, og verdslege fyrstar, som kongane Viktor Emmanuel II og Umberto I av Italia. Så var då òg Corelli ein fyrste på musikken område: Som fiolinvirtuos la han meir enn nokon annan grunnlaget for den moderne fiolinteknikken på 1700- og 1800-talet, og som komponist blei han imitert gjennom heile barokken. Dette trass i at han berre publiserte seks opus, som berre er instrumentalmusikk.
Det han vantar i kvantitet, tok han att i kvalitet; me må nok til Beethoven i romantikken for å finna ein like sjølvkritisk og perfeksjonistisk komponist. Han blei ein klassikar medan han levde, for dei 72 einskildstykka gjekk straks inn i den kunstmusikalske kanonen som mønstergyldige – korkje Händels Concerti grossi eller Bachs «Brandenburgkonsertar» er tenkjelege utan Corellis førebilete.
Merkenamnet
Den italienske barokkfiolinisten Enrico Gatti står bak nokre av dei lekraste innspelingane av Corellis solo- og triosonatar. Det interessante albumet The ‘Assisi’ Sonatas frå 2014 tek utgangspunkt i at Corelli må ha komponert langt meir enn det som slapp gjennom sjølvsensuren og hamna på prent. Dette vitnar Corellis brev og andre samtidige skriftstykke om, som namngjev komposisjonar me ikkje kjenner til i dag. Det er overlevert mange handskrivne notar med namnet hans på, men desse var ofte forsynte med «merkenamnet» Corelli for å auka marknadsverdien (på same måte som signaturen til kjende målarkunstnarar gjerne blei forfalska).
Kompetent fylgjar?
Det notemanuskriptet Gatti tek føre seg på plata, dukka opp i eit klosterbibliotek i Assisi i 1963 og har vore omdiskutert sidan. Samlinga ber tittelen Sonate da Camera à Violino e Violoncello solo del Sig. Arcangelo Corelli og er sett saman av tolv sonatar for fiolin og bass. Sonatane har tre satsar: fyrst eit preludium, så to tidstypiske dansesatsar, til dømes «allemanda», «gavotta» eller «giga». Dei som kjenner personalstilen i Corellis verk, vil dra kjensel på den songlege melodiføringa og den klåre, avbalanserte harmoniseringa. Men så var det då òg nett desse stiltrekka andre komponistar imiterte.
Er Assisi-sonatane ukjende ungdomsverk av fiolinkoryfeen? Eller er det ein av dei mange kompetente fylgjarane hans som står bak? Musikkvitarane får diskutera saka vidare, medan me lyttar til den mjuke og fasettrike fiolintonen til Gatti – gjennom tiår med Corelli-studiar maktar han å utbrodera dei langsame satsane med vedunderlege ornament i Corelli-stil.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.