JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Skulle Putin driva spionasje?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Putin oppsummerer året 2020 for pressa på fødselsdagen til FSB, tidlegare KGB, 17. desember.

Foto: Mikhail Klimentyev / Reuters / NTB

3912
20201224
3912
20201224

Ved soleglad og før teppefall formar Donald Trumps presidentperiode seg som ein ringkomposisjon med klåre litterære særmerke, som elles ikkje er det han er vidgjeten for. Anten han no fekk ei hjelpande hand eller ikkje frå Vladimir Putin og hans menn ved valet i 2016, så tar han i januar spranget frå Pennsylvania Avenue i Washington til praktgodset sitt i Florida med ein grasiøs bukk til mannen i Kreml.

Utanriksministeren hans, Mike Pompeo, som til skilnad frå sjefen sin gjerne les dokument, melde frå om at han trur på opplysningane om at etterretningsorgan i Moskva har skaffa seg innsyn i viktige data om amerikanske kjernefysiske våpen. Trump tok straks ein kort pause i arbeidet med å få godkjent «valsigeren» sin – eit motbakkeprosjekt av høgste klasse – for å kunngjera at det nok er kinesarane heller enn russarane som arbeider mest og best med å få oversyn over USAs atomvåpenstyrke. På denne måten har Trump fleire gonger undergrave det materialet som amerikansk etterretning gong på gong har lagt fram om slik russisk verksemd, mest minneverdig da han lét ein smilande president Putin få svara på eit spørsmål om Kreml dreiv med spionasje mot USA. Sjølvsagt gjer ikkje Kreml det, like lite som russarane har vore langfingra og nærgåande mot datamaskinen til Liv Signe Navarsete på Stortinget hos oss.

Mangt er gåtefullt ved Donald Trumps politiske trekk, og slik vil det også vera om fire veker. Da er det temmeleg sikkert at han er ein föredetting, som svenskane seier om pensjonistar. Kva baktankar han har hatt med å stella så godt med Vladimir Putin, har gitt mykje sysselsetting til mange pressefolk, og deira arbeid er nok ikkje avslutta 20. januar neste år. Noko av det er god eller i det minste halvgod underhaldning, som da Putin brukte delar av pressekonferansen sin 17. desember til å fortelja at opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj sjølv står bak freistnadene på å få seg forgifta. Denne pressekonferansen, som Putin gir to gonger i året, fall i år på fødselsdagen til FSB, tidlegare KGB, det russiske hemmelege politiet. Der var Putin funksjonær, det same var far hans.

Ein korrespondent for det britiske kringkastingsselskapet BBC stilte spørsmål til Putin om Navalnyj-saka og bruken av avansert nervegift. Putin var misnøgd og ville vita kvifor han spurde om slikt. Briten, ein gamal ringrev, sa at «eg spør fordi De har invitert oss hit nett av den grunnen, for at vi kan stilla spørsmål. Det er vi som spør Dykk, og ikkje De som skal spørja meg.» Putin vart så paff at han bad om orsaking. Men noko svar kom ikkje, anna enn at Navalnyj driv med dette fordi han samarbeider med amerikanarane og dessutan hungrar etter presseomtale.

Journalistar er hårsåre folk og mislikar at dei vert overvaka og fylgde av personar som har nervegift til rådvelde. Det er folk i det amerikanske selskapet CNN som har kartlagt at ei gruppe russarar vart svært aktive på telefonnettet da Navalnyj vart utsett for giftattentatet no i august. Det tyske magasinet Der Spiegel har fylgt saka i stor detalj, og det same har den djerve Moskva-avisa Novaja Gazeta, med eit rikt fotomateriale og kommentarar av Julija Latynina. Om henne har eg skrive før; for eit par år sidan flytta ho med foreldra sine frå Moskva til Frankrike etter eit par utrivelege attentat og andre former for interesse.

Det er vel betre enn å verta drepen, ein lagnad som er vorten sju andre medarbeidarar i Novaja Gazeta til del. Og på pressekonferansen var det ein dyster undertone i det som Putin sa om Navalnyj, utan å nemna han ved namn: «Dersom det var noko i påstandane om at folk med slikt utstyr var ute etter å ta denne mannen, hadde dei gjort seg ferdig med saka ganske kvikt.»

På dette punktet visste nok Putin kva han snakka om, og han bad ikkje om orsaking.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Putin kunne fortelja at opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj sjølv står bak freistnadene på å få seg forgifta.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis