Norske, amerikanske og russiske troll
Då presidentane Donald Trump og Vladimir Putin møttest i Vietnam, leit Trump på det Putin sa.
Foto: Reuters / NTB scanpix
Norsk lokalpolitikk er ingen dårleg innfallsvinkel til verdspolitikken og til ei djupare forståing av verkeleg store leiarar og innsyn i avgjerande spørsmål. Difor burde ingen norsk journalist sendast ut i verda før han eller ho har slite pressebenken i tingretten nokre veker – eller referert eit kommunestyremøte eller fem som ein del av grunnopplæringa.
Slik var det i gamle dagar, men den oldingen som i dag måtte ymta frampå om det frå hornet på veggen, vil få høyra at ja visst, det er nett der han høyrer heime, og der bør han verta verande – utan mikrofon eller penn.
Denne sanninga slo meg denne veka, da president Donald Trump kunngjorde at han tek president Vladimir Putin på ordet når den russiske yrkesbroren hans atter og atter seier at han aldri blanda seg inn i den amerikanske valkampen i fjor. 17 amerikanske etterretningsorganisasjonar hevdar dei har prov på at russarane gjorde akkurat det. Dei som gjennom åra har sett eitt og anna av ymist slag om kor pålitelege fråsegner frå Kreml kan vera, vil nok meina at Trump sluker slike forsikringar litt for kritikklaust.
No fossrodde Trump alt dagen etter – ei øving han sjeldan kastar seg ut i. Og brått var han heilt samd med sin eigen sjef for CIA, som sa det stikk motsette: Russarane stod bak ei svært aktiv og omfangsrik innblanding.
Som døme på klårgjerande lokalopplæring for Trump frå den norske provinsen kunne ei rettssak på Romerike for nokre år sidan dugd så det monar. Der var det ein vassverkssjef som dreiv fleire prosjekt med svært store fakter, med ni farmar i Sør-Afrika, ein hangar i Skedsmo der det var rikeleg med svært tungt maskinelt utstyr, om ikkje nett til vassverksdrift, og 34 millionar på konto i Sveits.
Da det vart rettssak, vart likningssjefen ført som vitne, og aktor spurde om han ikkje hadde høyrt noko om pengar som vassverksjefen hadde gløymt å betala skatt av. Jau, det hadde vore noko snakk om det.
– Så eg kalla han inn til samtale og sa at mange meinte at sjølvmeldinga hans ikkje var heilt fullstendig. Han forsikra at dette var grunnlause rykte. Og da var det jo greitt.
Greitt og greitt – ein dom på over sju års fengsel og nokså mange millionar i inndraging vart enden på visa.
I etterretningsbransjen, som Vladimir Putin og mange av medarbeidarane hans kjem frå, gjeld den tyske språkfilosofen Ludwig von Wittgensteins sluttord frå verket Tractatus: «Om det ein ikkje kan tala om, lyt ein teia.» (Wovon man nicht sprechen kann, darüber muss man schweigen.)
Slik er det på begge sider av Atlanterhavet: I fleire av bøkene om Reagan-perioden står det mykje om krisa i 1986. Presidenten gav ei orientering om kontaktane med Iran og våpenleveransar til dei kontrarevolusjonære i Nicaragua. Visepresident George Bush, som hadde vore sjef for CIA, sat gråbleik på kontoret sitt og gispa: «Han SNAKKAR om ein HEMMELEG operasjon!»
Det neste Putin no lyt teia om, er EU-etterforskinga av russiskstyrt nettpropaganda mot sentralregjeringa i Spania. Granskinga vert driven av ei spesialistgruppe som vart oppretta for to år sidan: East Stratcom Task Force, underordna EUs «utanriksminister», Federica Mogherini. Det meste av propagandaen EU interesserer seg for no, stør separatistane i Catalonia mot Madrid. Cellene som driv verket, brukar for ein stor del adresser i Venezuela, og dei har halde på ei stund.
På internettet spreier desse nettrolla – spanskspråklege i dette tilfellet – svært diktprega «opplysningar». Dei vart først lokaliserte til ein gamal villa i St. Petersburg. Dei heiter trolls på engelsk og trolly på russisk. Så bakgrunnskunnskap både om Asbjørnsen og Moe og norsk lokalhistorie er god startkapital om ein vil finna ut av noko som mektige personar har plikt til å teia om.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det neste Putin no lyt teia om, er EU-etterforskinga av russiskstyrt nettpropaganda mot sentralregjeringa i Spania.
Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.