Ikkje leik med pressefolk!
President Donald Trump droppa den årlege pressemiddagen og drog heller til valmøtet i Wisconsin førre laurdag.
Foto: Yuri Gripas
Folk meiner så mangt som Donald Trump, men éin ting har mannen skjøna: Det er risikabelt å leika seg med journalistar. Så for vel ei veke sidan kom det eit internt presidentdekret frå Det ovale kontoret i Det kvite huset i Washington: Ingen i staben får lov til å gå på den årlege og til vanleg muntre og spenstige banketten som pressekorpset i denne viktige bygningen arrangerer.
Ein høgtståande folkevald person som har fortalt oss pressefolk, og resten av verda, at han vart «forelska» i den nordkoreanske diktatoren Kim Jong Il da dei møttest i Bangkok for to år sidan, og som dessutan har fått «vedunderlege brev» frå denne trivelege mannen i Pyongyang, veit vel kven han og medarbeidarane hans bør halda på trygg avstand. På den lista har vi pressefolk ein ærerik plass høgt oppe. Så på Hilton-hotellet i Washington vart det ei stussleg tilstelling no den siste laurdagen i april: Ingen vittig sjølvironisk tale av presidenten, ingen komikar, ingen vitsar, berre ein skål, med skåltale, til ære for det første grunnlovstillegget. Det garanterer for pressefridomen og kan vera kjekt å ha for ein gjeng som i februar 2017, før Trump var ferdig med den første månaden sin i Det kvite huset, fekk høyra at dei var fiendar av folket.
Omgrepet har ein spesiell klang og har vore brukt av så prinsippfaste, intelligente og sterkt ulike ånder som H. Ibsen og J. Stalin, mellom anna med den konsekvens at Ibsens drama En folkefiende må skifta namn på russisk og der heiter Doktor Stockmann. Det ordrette Vrag naroda får vanlege russarar til å grøssa og krympa seg; det står ein gufs av GULag, gru, grav og galge av det.
No har ingen skulda eller mistenkt Donald Trump for å ha for mykje sjølvironi. Dermed er det sjølvforklårande at han vart borte frå den årlege tilstellinga i 2019, slik han var det i 2018 og 2017, og det ville gi svært høge odds dersom einkvan tulling skulle satsa på at han dukkar opp i 2020.
Kva gjorde arrangørane så denne gongen, for ei veke sidan? Dei fekk ein historikar med to mursteinar presidentbiografiar til å halda hovudinnlegget. Det var fagleg og intellektuelt solid og passe humoristisk, og talaren heldt seg på den rette sida av hundreårsskiftet for 119 år sidan. Da skal det godt gjerast at nokon tek seg nær av det som vert sagt.
Så vel gjekk det ikkje i fjor, jamvel om Trump heldt seg borte. Pressetalskvinna hans, Sarah Huckabee Sanders, var til stades, og ei nådelaus morokvinne gjorde henne til skyteskive. Ho lo like godt som Trump ville ha gjort. I år kom trøystepremien: Trump brukte denne laurdagskvelden til eit valmøte i Wisconsin, ein av delstatane der han slo Hillary Clinton i 2016. Den djupt alvorlege Sarah hadde plass på ein slags ærestribune for trugne og lojale tenarar. Best for alle, for den uheldige fru Sanders har ikkje berre fått ry for å lyga på jobb, ho har i forklaringa si til granskar Bob Mueller tilstått at ho i ei utsegn i eit viktig spørsmål gjorde nett det – eit uforvarande mistak, sjølvsagt. Om ho hadde vore til stades laurdag, ville ho ha vorte skyteskive andre året på rad. Tanken er ikkje til å bera.
Eit godt døme på at Trump held seg langt unna både farlege folk som journalistar og den like farlege sjangeren sjølvironi, er å finna i ei av utsegnene hans før han vart vald. Ein pressemann spurde kven han rådførte seg med i utanrikssaker, eit felt der eigedomsbaronen hadde lita røynsle. «Eg rådfører meg helst med meg sjølv, eg har ein ganske god hjerne», sa han. Ingen mistenkte han for å fara med fleip, heller ikkje da han seinare, som president, bygde ut fråsegna med at han var «eit stabilt geni».
Opplagt at det da berre er dumt å bruka tid på dårlege vitsar som pressefolk har fått hjelp med av einkvan som skriv faktura med høygaffel. Da heller eit skikkeleg valmøte. Det er val om 18 månader, og tida er knapp.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No har ingen skulda eller mistenkt Donald Trump for å ha for mykje sjølvironi.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.