Ei røyst frå fortida
Priscilla Johnson McMillan i Moskva, der ho i 1959 intervjua den avhoppa fabrikkarbeidaren Lee Harvey Oswald.
Foto: Privat
Meldingar i dagsnyttspaltene skaper somme gonger aktualitet som vekkjer mindre trivelege minne. Slik vart det med ein lengre nekrolog som var å sjå i amerikanske aviser eller å høyra i andre medium i USA 7. juli i år: Priscilla Johnson McMillan var død i bustaden sin i Boston, litt over 80 år gamal. Ho var ein kjend journalist og forfattar, og namnet hennar var knytt til to andre enda meir kjende personar: President John F. Kennedy og Lee Harvey Oswald. Ho var av dei svært få som hadde hatt utførlege samtalar med dei begge under temmeleg ulike tilhøve, får ein seia. Den siste har fått status som Kennedys drapsmann i Dallas i Texas fredag 22. november 1963. Sjølv vart Oswald skoten av ein nattklubbeigar dagen etter for ope filmkamera da han skulle overførast til politisjefen i Dallas i samband med den vidare rettsgranskinga av drapet på Kennedy.
Utan at særleg mange merka seg det, gjorde Priscilla Johnson McMillan eit intervju med fabrikkarbeidaren Lee Harvey Oswald i Moskva i 1959. Han var ein avhoppa radikal amerikansk borgar som hadde søkt og fått noko så uvanleg som politisk «asyl» i Sovjetunionen det året, gifta seg med ei sovjetisk kvinne og busett seg i Minsk, hovudstad i Sovjetrepublikken Belarus. McMillan gjorde intervjuet på det historiske hotellet Metropol i Moskva, og Oswald hadde nytt å fortelja: Sovjetunionen var eit mykje meir rettvist samfunn enn det amerikanske; den gamle mor hans ville ha hatt det mykje betre der enn ho hadde det i det nokså loslite livet sitt i heimbyen Dallas, og hans plan gjekk ut på at han «skulle gi amerikanarane noko å tenkja på».
«Ein forvirra surrebukk» sa McMillan om han seinare, og da han utpå ettermiddagen 22. november fire år etter intervjuet vart arrestert, mistenkt for å ha avfyrt dei drepande skota mot presidenten, sa ho, som sant var: «Merkeleg, men eg har snakka mykje med begge desse to karane.» Etter russiskeksamen i Boston hadde ho fått jobb som rådgjevar i sovjetspørsmål for den unge, lovande demokratiske senatoren John F. Kennedy frå Massachusetts, noko ho etter eiga utsegn slett ikkje var kvalifisert for.
I Oswald-mappa si hadde russarane funne mykje, så mykje at dei såg den gamle marineinfanteristen med skarpskyttarmerke som ein kranglefant som dei reeksporterte til USA så fort som råd og ga han kona og dei to småborna med på kjøpet. I Dallas i Texas budde dei ei tid saman med ei misnøgd og dårleg stilt farmor. Då Marina Oswald vart enke etter at Oswald vart skoten, ga Priscilla Johnson, som var frå ein rik og fin familie på Long Island, henne husvære og brukte samtalane med henne som råstoff til dobbeltbiografien «Marina and Lee», eit av standardverka om Kennedy-drapet og bakgrunnen. I Boston brukte McMillan gjennom resten av livet mykje tid på samtalar med ekspertar og kanskje særleg på «ekspertar» på drapet. Ho var av dei som avviste dei fleste av teoriane og samansverjingsforklaringane, og slik ho støtt hadde gjort som journalist, sa ho blankt nei til dei fleste av dei, utan at det på noko vis som helst gjorde energien mindre på noko hald.
Det var tantebarnet hennar som kunngjorde dødsfallet no for ein månad sidan, og ho vil bruka materialet, som ho samla gjennom svært mange år, til ein biografi om tante Priscilla. Så kan dei mest ryggelause av optimistane mellom oss samla oss om vona om at det snart vert slutt på alt teorimakeriet om Kennedy-drapet.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Merkeleg, men eg har snakka mykje med begge desse to karane.»
Priscilla Johnson McMillan då det blei kjent at Harvey Oswald hadde skote president Kennedy.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.