Bok
Utlendingshistorier frå Svalbard
Annleislandet Svalbard gjev innsyn i korleis alskens utlendingar opplever Svalbard.
Line Nagell Ylvisåker er forfattar og redaktør i Svalbardposten.
Ragnhild Utne
Line Nagell Ylvisåker arbeider no som redaktør i Svalbardposten. Ho har budd på Svalbard i snart 20 år og er såleis ein av «veteranane» i Longyearbyen. Der er rundt rekna 40 prosent av innbyggjarane utlendingar. I den siste boka si teiknar Ylvisåker «miniportrett» av nokre av desse. I tillegg rapporterer ho frå særleg den russiske byen Barentsburg. Og ho skriv ein del om politikken som norske styresmakter i dag fører med sikte på å avgrensa den lokale røysteretten til utlendingane i Longyearbyen.
Eit av kapitla har overskrifta «Farvel demokrati og forskaren som ikkje kunne bli». Det handlar om den tsjekkiske sosialantropologen Zdenka Sokolícková. Med økonomisk støtte frå EU kom ho til Svalbard og skulle vera med på eit toårig forskingsprosjekt.
– No er det over og ut for folk som oss, skriv ho til forfattaren då ho vert kjend med framlegget om nye røysterettsreglar frå regjeringa. Dei nye reglane krev at utlendingar må ha budd «nede» på fastlandet i minst tre år før dei kan røysta i lokalstyreval i Longyearbyen. Dette meiner tsjekkaren vil føra til «segregering, grønvasking (sic), avmakt og framandkjensle».
Norsk suverenitet
Like underleg for ein nordmann er det å lesa om (den kurdiske) iranaren Omid Abolhasani. I 2010 fekk han endeleg avslag på søknaden sin om asyl i Noreg. Difor og dinest skulle han utvisast frå landet. I staden fór han til Svalbard. Der bur og arbeider han enno – så å seia nord for norsk lov og rett. Og tilsynelatande bortanfor Svalbardtraktaten òg all den tid Iran ikkje slutta seg til.
Svalbardtraktaten tok til å gjelda i 1925 og gjev Noreg suverenitet over Svalbard. Slik sett er Svalbard norsk jord. Samstundes er svalbardgrensene så å seia flytande: Innbyggjarar i land som har slutta seg til traktaten, har rett – på lik line med nordmenn – til å fara til Svalbard på uhindra vis og driva allslags maritim og industri-, bergverks- og handelsverksemd så lenge dei livbergar seg sjølve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.