Musikk
Til rett tid
Ensemble il capriccio syner oss kunsten å døy godt.
Den tyske kontratenoren Franz Witzthum.
Foto: Maria Davidoff
Omgrepet ars moriendi tyder «kunsten å døy». Det går attende til ei seinmellomaldersk form for oppbyggingslitteratur, som tematiserer den kristelege førebuinga til den «gode» måten å døy på, altså den «gode døden» til rett tid. Omgrepet får meg til å tenkja på ein tekststad i Andre Kongebok som fleire barokkomponistar har tonesett, nemleg der Jesaja vitjar kong Hiskia på sottesenga og uttalar: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.»
To bachar
Det å leva med døden i kvardagen, å alltid vera førebudd på han, er tema for Ensemble il capriccios album med musikk av to medlemer av Bach-slekta: Johann Sebastian (1685–1750) og grandonkelen hans Johann Christoph (1642–1703). Repertoaret er delvis originalt, med kantateariar og resitativ, og delvis ensemblets eigne arrangement av koralar og fugar frå J.S. Bachs syklus Die Kunst der Fuge («Fuge-kunsten»).
Det at ensemblet flettar inn desse fugane i programmet, er eit vellukka grep. Bach nytta sine siste livsår på å finpussa syklusen. Han ville prova kva han gjennom livet hadde oppnådd innan kunsten å skriva fugar, altså komplisert kontrapunktiske verk med eitt eller fleire tema. Slik sett var det ei fullending av livsverket hans – og ei førebuing på avsluttinga av det.
Finpussa
Døden fylgde J.S. Bach gjennom livet. Som niåring miste han mor si og eitt år seinare faren. Han opplevde døden til alle syskena sine og elleve av barna, og då han i Köthen kom attende frå ei reise, var kona hans alt gravlagd – utan at meldinga om dødsfallet hadde nådd han. Som kantor i Leipzig spesialiserte han seg på forseggjord gravferdsmusikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.