Teater

Slagferdig finnmarking på vegen

Vittige Pål Riise vender sut og stress til moro.

Pål Riise tek mellom anna opp kva uniformering gjer med oss.
Pål Riise tek mellom anna opp kva uniformering gjer med oss.
Publisert

Moromannen Pål Riise frå Kirkenes (eigentleg Gamvik) har på nokre få sesongar etablert seg som ein publikumsfavoritt i det nordlegaste Noreg. I haust er han på vegen over heile landet med sitt kåserande one-man-show.

Vi kjenner jo sjangeren standup godt etter kvart. Det er jo mest som ein loppesirkusvariant av den gamaldagse revyen. Mange er for så vidt kalla, ikkje alle er utvalde. Men har ein noko på hjarta og evne til å formidle, vert det som regel møda verdt. Og Pål Riise har, om enn upretensiøst, noko på hjarta.

Forsvarsmekanismar

Etter halvtanna år i pandemiens teikn er det på tide vi får lov til å flire litt av oss sjølve og dei pussige norske forsvarsmekanismane. Det er kilande moro når Riise fokuserer på storsalet av dopapir i fyrste koronapanikken, og på alle nordmennene som på død og liv skulle rett på hytta.

Kva fan, seier Riise, hadde vi det ikkje stussleg nok frå før, når vi likevel måtte halde oss heime? Og kva sakn låg det i å ikkje kunne ha fleire enn ti gjester i huset?

Ein fin tankekross gir han oss òg i fokuset på norsk uniformering, og korleis uniformer både vernar og forvirrar oss. Politiklede skremmer oss om vi har aldri så godt samvit, medan ei taxiuniform er det mest tillitvekkjande som finst. Vi lettar heller hjarta til taxisjåføren enn til psykoterapeuten vi er undervegs til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement