Snublestein

Eduardo Halfon viser fram djupet under overflata.

Eduardo Halfon er aktuell med roman nummer to omsett til norsk.
Eduardo Halfon er aktuell med roman nummer to omsett til norsk.
Publisert

Midt i september var Eduardo Halfon på Litteraturhuset i Oslo i samband med at romanen Sorg blei lansert på norsk. På vårparten kom Den polske bokseren, og begge romanane er sjølvbiografisk fiksjon med Eduardo Halfon som forteljar og tilretteleggjar. Signe Prøis har omsett begge romanane.

Eduardo Halfon (1971) har jødisk bakgrunn med morfar frå Libanon og farfar frå Polen. Med holocaust som bakteppe for begge romanane følgjer han spora tilbake til Sachsenhausen og Auschwitz i Tyskland, til Lódz i Polen og vidare til USA og Guatemala, der farfaren slo seg ned etter på mirakuløst vis å ha overlevd seks år i tysk fangenskap. Morfaren enda også opp i Guatemala, og slik blir dei to slektene fletta saman og førte vidare.

Mytar og mystikk

Men Halfon er meir opptatt av dei døde enn av dei levande, og det heile startar ved ein innsjø i Guatemala der onkelen Salomon skal ha drukna som barn. I vaksen alder vender Eduardo tilbake til familiens feriebustad for å finne ut meir om onkelen, men det viser seg fort at det var ingen Salomon som drukna i innsjøen. Halfon turnerer elegant forholdet mellom draum, fantasi og røyndom i ulike forkledningar under eit lag av mytar og mystikk og urgamle mayaritual fram mot ei erkjenning av at «dersom det fins flere forklaringer på et fenomen, er man nødt til å beholde alle».

Halfon følgjer to spor i romanen: det eine etter farfaren som overlevde, det andre etter onkelen som døydde. Det første sporet fører han til Sachsenhausen og Auschwitz og vidare til Lódz, som farfaren kom frå, og der bror til farfaren døydde i den jødiske gettoen i 1944. Bror til farfaren heitte Salomon. Berre eit falma bilde finst igjen etter han.

Det andre sporet går mot innsjøen Amatitlán i Guatemala, der Eduardo Halfon levde lykkelege barneår fram til 1981, da familien måtte reise til USA på grunn av borgarkrigen. Det er hit forteljaren reiser for å finne ut kva som faktisk hende da onkelen drukna. Igjen har han berre eit bilde å vise fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement