Film
Slett spetakkel
Det er lenge sidan eg har sett ein så slapp samlebandsfilm.
Dolph Lundgren, Jason Statham, 50 Cent, Megan Fox og Tony Jaa i verdas siste forsvarsline.
Foto: Another World Entertainment
Etter eit feilslått oppdrag i Libya der det går gale for sjefen Barney (Stallone), lyt leigesoldatane The Expendables jakta ein slemming som vil selje atomvåpen til Russland. Lee (Statham) har trøbbel med kjærast og kollega Gina (Fox). Ho tek plassen hans i oppdraget, sidan han visst var skuld i førre fadese.
Rutinejobb
Milde machomanerar er straks på plass. Dette er ein «mannefilm», men utan rebelsk brodd. Humoren er horribel. Eksempla er så elendige at eg har gløymt dei fleste på veg ut av kinosalen, men eg minnest den mest fantasilaust skrivne «latin lover-figuren» sidan Week-End in Havana i 1941.
Gamlingvitsane er bleike minne av Gretne gamle gubber. Eg ler når eg ser at skurken har eit stort arr i fjeset. Det er uråd å sjå kven som er vond elles!
Jason Statham er staut, men verkar like inspirert som ein underbetalt vri på Bill Murray i En ny dag truer. Sylvester Stallone, Dolph Lundgren og Andy García er halvhjarta namn på plakaten for å lokke aldrande actionentusiastar ut av sofaen. 50 Cent burde ikkje seie opp kveldsjobben som musikar. Om Megan Fox har noko å by på som skodespelar, får ho ikkje vist det som lettkledd CIA-agent med teatralsk temperament og trutmunn.
Bortkasta
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.