På leit etter seg sjølv
Roskva Koritzinsky prøver å forstå det uhandgripelege.
Roskva Koritzinsky (f. 1989) vart innstilt til Nordisk råds literaturpris i ein alder av 28.
Foto: Cato Lein
Roskva Koritzinsky (f. 1989) har sidan debuten i 2013 etablert seg som ei tydeleg og særmerkt stemme blant dei yngre i norsk litteratur, og for den førre novellesamlinga si, Jeg har ennå ikke sett verden (2017), vart ho på imponerande vis innstilt til Nordisk råds litteraturpris i ein alder av 28. Årets noveller krinsar rundt den same tematikken: einsemd, identitet, sjølvforståing og lengt etter noko autentisk og ekte, og i seks noveller er ho på sporet av ein indre fridom som kanskje peiker mot det religiøse og det metafysiske.
Tragedie
Novellene overlappar kvarandre gjennom søskenparet Inez og Martin, henta frå Harry Martinsons roman Neslene blomstrer (1935), og Harry Martinsons triumf og tragedie er også berørt, først ved at han fekk Nobelprisen saman med Eyvind Johnson (1900–1976) i 1974, dernest ved at han tok sitt eige liv i 1978 som resultat av den sårande debatten som følgde etter Nobelprisen, for både Martinson og Johnson sat i Svenska Akademien og gav prisen til seg sjølv, kunne det sjå ut som.
Fleire av novellene kretsar kring det å forme sin eigen personlegdom utan å vere ein kopi av andre: «Da Martinson begynte å sende inn dikt til avisene i begynnelsen av tjueårene, ble han flere ganger anklaget for imitasjon og plagiat». I «Lillebror» minnest Inez broren Martin som gjorde suksess som arkitekt fram til han blei avslørt for å ha kopiert andres verk, og i «Hegrer, liljer» prøver den kvinnelege forteljaren å gjenskape eit bilde av den amerikanske biletkunstnaren Frank W. Benson (1862–1951). Tilfeldige oppslag i bøker, det vere seg Bibelen eller Neslene blomstrer, er også ein del av dette med å lene seg mot andres verk og andres tankar.
Minne frå barndom
Dei ulike forteljarane leiter heile vegen etter seg sjølv, der lengten etter å bli sett og samtidig vere skjult styrer tanke og handling. Minne frå barndom og oppvekst dukkar stadig opp i sjølvreflekterande samanhengar: «alt i henne utspilte seg på en liten flate; skjulestedets stusslige kvadratmeter». Angsten for nære relasjonar er også ein del av dette universet: «Vi må være som om ingen skulle komme til å redde oss.» Men håpet er ikkje heilt ute: «I et glimt kjenner jeg lettelsen over at det fremdeles finnes et rent ønske i meg; at Inez en morgen skal våkne og vite at hun lever.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.