Musikk
Triller og tiradar
Mozart sparte ikkje på effektane i si storfelte «kroningsmesse».
Domkyrkja i Salzburg, der Mozarts «kroningsmesse» blei urframført.
Foto: Martin Toedtling
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) levde i ei omskifteleg tid. Keisar Josef II i Wien er blitt kalla «ein krona revolusjonær», for han innførte ein reformpolitikk som møtte så stor motstand at mykje blei reversert etter at han døydde i 1790. Liveigenskapen blei avskaffa, borgarrett gjeve til protestantar og gresk-ortodokse og mange lovar mot jødane avskaffa. Særleg kyrkja fekk kjenna reformiveren hans: Pavelege lovbod blei annullerte i Austerrike, presteseminara lagde under staten og 700 kloster oppløyste. Det skulle ikkje sløsast, så kostesam gravferdspraksis og storfelt orkestermusikk i gudstenesta blei strengt regulert.
Men Josef II døydde tidleg, og kroningsseremoniane til dei to siste keisarane (før det tysk-romerske riket gjekk dukken i 1806) blei atter gjennomførte med hevdvunnen pomp og prakt: Leopold II blei krona til keisar i 1790 og til bøhmisk konge året etter, og Frans II til keisar året etter det igjen. Hoffkapellmeisteren i Wien, Antonio Salieri, vil somme hugsa som Mozarts antagonist i Miloš Formans storfilm Amadeus frå 1984. Han merka seg at desse tre kroningsgudstenestene «hadde mest akkurat den same musikken».
Salzburg-messe
Musikken Salieri sikta til, var Mozarts storfelte Messe i C-dur, KV 317, den som i hoffkrinsar alt då gjekk under namnet «kroningsmessa». Men messa var ikkje eigentleg tiltenkt Leopold IIs kroning i 1790. Mozart skreiv henne ein dekade tidlegare, til påskegudstenesta i 1779 i heimbyen Salzburg, der han nyss var blitt hofforganist hjå fyrstebiskopen i byen.
På den nye innspelinga, der Howard Arman dirigerer koret til den bayerske kringkastinga og originalinstrumentensemblet Akademie für Alte Musik Berlin, får me ikkje berre høyra sjølve «kroningsmessa». Ho blir sett saman med annan musikk som læt under påskegudstenesta i Salzburg det året.
Operastil
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.