Tonande politikk
Årets Händel-festspel i Halle handla om musikk og makt.
Georg Friedrich Händels (1685–1759) fødehus i Halle er no Händel-museum.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Festivalbrev
Händel-Festspiele Halle
Halle an der Saale, Tyskland, 26. mai–11. juni
Det er merkeleg å tenkja på: Johann Sebastian Bach og Georg Friedrich Händel blei fødde same året, og Händels heimby Halle (ein times togtur sør for Berlin) er naboby til Leipzig, der Bach var kantor. Likevel møttest dei aldri personleg. Kvifor?
Bach freista å treffa Händel, men denne var tilsynelatande ikkje interessert. Som kunstnarar og menneske var dei då òg særs ulike. Den konservative kyrkjemusikaren Bach heldt seg stort sett heime, medan Händel var sjølve sinnbiletet på komponisten som kosmopolitt: ein kunstpolitisk entreprenør som elegant omgjekst Europas fyrstar og kongelege.
Uansett: I juni har dei kvar sin internasjonalt største festival, berre fire mil unna kvarandre. Medan hovudfokuset under Bachfest i Leipzig er på kyrkjemusikken, er det operaane som dominerer Händel-Festspiele i Halle. Denne 17 dagar lange festivalen, som feira 100-årsjubileum i fjor, baud i år på 70 konsertar fordelte på 17 spelestadar.
Orlando på Tinder
Seks av Händels i alt 42 operaar blei sette opp under årets Händel-festspel, mellom anna hovudverk som Serse, Rinaldo, Giulio Cesare og Orlando. Den sistnemnde (frå 1733) tek utgangspunkt i det gamalfranske Rolandskvadet frå 1100-talet, med Roland (Orlando på italiensk) i hovudrolla, ein elskhugssjuk hærførar på kong Karl den stores tid.
Orlando-framføringa til Händelfestspielorchester i operahuset i Halle 7. juni, der den britiske barokkoperaeksperten Christian Curnyn dirigerte, var musikalsk ypparleg. Iscenesetjinga til den britiske regissøren Walter Sutcliffe kunne eg derimot styra meg for. Det var typisk regiteater, med halvnakne damer og riddaren Roland som hyperaktiv på bileteappen Instagram og sjekkeappen Tinder.
Kroningshymnen
Ei anna musikalsk oppleving var konserten Händel vs. Bononcini, som fann stad 6. juni i aulaen til Martin-Luther-Universität-Halle-Wittenberg (Tysklands lengste universitetsnamn?). Ensemblet Il Groviglio spelte her operaariar av Händel og Giovanni Bononcini (1670–1747), Händels argaste komponistkonkurrent i Londons operamiljø. Spesielt ved framføringa var at solisten, den italienske tenoren Marco Angioloni, også dirigerte orkesteret – medan han song. Slikt har eg aldri opplevd før. Det lyt likevel seiast: Han var betre som dirigent enn som songar.
Interessant var òg temporærutstillinga Kroninga – Händel og det britiske kongehuset i Händels fødehus, som tematiserte musikk og politikk. Aldri har nokon komponist vore nærare knytt til det britiske kongehuset enn Händel. I 1727, same året som han blei britisk statsborgar, komponerte han kroningshymnen Zadok the Priest til kong George IIs kroningsseremoni i Westminster Abbey. Sidan då har hymnen blitt spelt ved alle britiske kroningar, også den i mai, nærare bestemt under den mest heilage og høgtidsame akta: sjølve salvinga av monarken.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.