Telepatisk kommunikasjon
Like born leikar best.
Hans P. Kjorstad og Ernst Reijseger.
Foto: Hazel Ling
Jazz
Hans P. Kjorstad / Ernst Reijseger:
Gap of Ginn
Hans P. Kjorstad, fele, femstrengs hardingfele og harmonium; Ernst Reijseger, cello og shrutiboksar.
Motvind Records
Hans P. Kjorstad er ei drivkraft bak plateselskapet Motvind Records og er mellom anna med i banda til Frode Haltli, Marthe Lea og Andreas Røysum. Reijseger er ein nestor i nederlandsk jazz og improvisasjonsmusikk. Han har vore med i ICP, Amsterdam String Trio og Clusone Trio. I dei seinare åra har han jobba mykje med Harmen Fraanje og Mola Sylla. Han har også spelt mykje i Noreg og samarbeidd både med Stian Carstensen og Mats Eilertsen.
Dei to musikarane møttest på festivalen Blow Out! i Oslo i 2022. Etter eit par konsertar var dei klare for innspeling i Høyjord stavkyrkje i Sandefjord. Kyrkjerommet kler instrumenta og musikken fortreffeleg.
Sju av låtane er improvisasjonar. I tillegg har dei spelt inn to låtar av Reijseger, den lagnadstunge «Ginnung Where You There» og den langt ljosare «Elena Shining Light». Det er ei nærast oppsiktsvekkjande ro over musikken og musiseringa, som om dei seier til kvarandre at det går seg nok til. Det gjer det stort sett.
Berre unntaksvis går det litt på tomgang («Heaven nor Earth»). Dei to er svært opptekne av korleis instrumenta kling i hop i ulike posisjonar og frekvensområde. På sitt aller beste kombinerer dei interessa for klang og samklang med historieforteljing. Høgdepunktet på plata er i så måte «Ekko», men også «lydarslåtten» «Spragle» og «Thin Air» med den leikne introen er døme på duosamarbeid med nærast telepatisk kommunikasjon.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Hans P. Kjorstad / Ernst Reijseger:
Gap of Ginn
Hans P. Kjorstad, fele, femstrengs hardingfele og harmonium; Ernst Reijseger, cello og shrutiboksar.
Motvind Records
Hans P. Kjorstad er ei drivkraft bak plateselskapet Motvind Records og er mellom anna med i banda til Frode Haltli, Marthe Lea og Andreas Røysum. Reijseger er ein nestor i nederlandsk jazz og improvisasjonsmusikk. Han har vore med i ICP, Amsterdam String Trio og Clusone Trio. I dei seinare åra har han jobba mykje med Harmen Fraanje og Mola Sylla. Han har også spelt mykje i Noreg og samarbeidd både med Stian Carstensen og Mats Eilertsen.
Dei to musikarane møttest på festivalen Blow Out! i Oslo i 2022. Etter eit par konsertar var dei klare for innspeling i Høyjord stavkyrkje i Sandefjord. Kyrkjerommet kler instrumenta og musikken fortreffeleg.
Sju av låtane er improvisasjonar. I tillegg har dei spelt inn to låtar av Reijseger, den lagnadstunge «Ginnung Where You There» og den langt ljosare «Elena Shining Light». Det er ei nærast oppsiktsvekkjande ro over musikken og musiseringa, som om dei seier til kvarandre at det går seg nok til. Det gjer det stort sett.
Berre unntaksvis går det litt på tomgang («Heaven nor Earth»). Dei to er svært opptekne av korleis instrumenta kling i hop i ulike posisjonar og frekvensområde. På sitt aller beste kombinerer dei interessa for klang og samklang med historieforteljing. Høgdepunktet på plata er i så måte «Ekko», men også «lydarslåtten» «Spragle» og «Thin Air» med den leikne introen er døme på duosamarbeid med nærast telepatisk kommunikasjon.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.