JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Suggererande solospel

Spelstund er eit fint døme på korleis ein utøvar samstundes kan dyrka det eksperimenterande og det tradisjonelle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rasmus Kjorstad debuterer med eit soloalbum.

Foto: Johannes Selvaag

2066
20220603
2066
20220603

Folkemusikk

Rasmus Kjorstad:

Spelstund

Ta:lik

Rasmus Kjorstad vil for mange vera kjend frå den improvisasjonsbaserte folkemusikkgruppa Morgonrode, samspel med den felespelande broren Hans P. Kjorstad og Torgeir Vassviks særeigne form for samisk musikk. Men dette er den første soloplata til Kjorstad, han er den einaste musikaren på plata, og han trakterer både vanleg fele (som er hovudinstrumentet), oktavfele og langeleik.

Samstundes som Kjorstad har markert seg som ein alternativ felespelar, held han seg på denne plata utelukkande til tradisjonsmusikk frå Gudbrandsdalen. Men i likskap med mange andre yngre folkemusikarar dyrkar han ikkje-temperert tonalitet inspirert av eldre kjelder. Særleg på langeleikspelet er dette merkbart, sidan banda på melodistrengen er plasserte slik at dette vert ekstra tydeleg.

Av det rikhaldige tilfanget av feleslåttar frå dalen har Kjorstad valt slike som inneheld overraskande formelement (som eit ekstra slag eller ein ekstra takt der ein minst ventar det), og ein stram rytmikk som gjer dette til dansbar musikk, samstundes som han i alle detaljar er gjevande å lyda på og dermed kan framstå som kunst.

Vekslinga mellom dei tre instrumenta gjev variasjon til produksjonen, noko som styrker ei plate med stramme avgrensingar: éin utøvar som spelar solo, og éin type repertoar. Særleg spelet på den djuptklingande oktavfela utgjer ein fin kontrast til den tidvis intense diskanten til den vanlege fela.

Kjorstad er eit fint døme på korleis ein utøvar kan dyrka det eksperimenterande og det tradisjonelle på same tid. Men det fine er at dette ikkje vert sausa ukritisk saman. Her er det fokus på eldre kjeldemateriale (som vert grundig presentert på omslaget), og fornyinga skjer ikkje gjennom stilblanding, men ved å sjå kva potensial som ligg i dei eldre melodiane slik dei er overleverte.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis