Musikk

Portrett av ein klår dag

Julie Byrne har gitt ut sitt tredje album, trass ei livskrise av det aller verste slaget.

Publisert

Minnet som kjem utan invitasjon, midt på natta, om noko som ein gong var, men ikkje er lenger – det latar ikkje til å kjenne grenser i tid og rom, det er «timeless and wide,» syng Julie Byrne i «Portrait of a Clear Day.»

Songen høyrer heime på The Greater Wings, artistens tredje plate, som kom for fleire veker sidan, i sommar, men som eg synest du, kjære lesar, bør få kjennskap til, før vi glir over i platehausten som ligg føre.

Albumet er fullt av varm vellyd, med røysta til Byrne som berande element, plukking på nylonstrengar, harpespel og mjuke vibrafonar. Høyr berre kor det osar av seinsommar på instrumentalsporet «Summer’s End,» som glir over i den lyse kjærleiksskildringa «Lightning Comes Up From the Ground.»

Tung tid

Då eg skreiv om Byrnes førre utgiving, Not Even Happiness, på desse sidene vinteren 2017, lét eg meg imponere over kvaliteten i låtane, og eg løfta fram håpet som skein i songane til trubaduren. Forteljinga om oppfølgjaren, som altså lét vente på seg, skulle vise seg å verte full av utfordringar og motstand av det aller verste slaget. Måten Not Even Happiness vart teken imot på, skapte eit forventningspress som gjorde at låtskrivaren kjende på ein sviktande sjølvtillit når ho skulle i gang med nye songar. Var det nye materialet godt nok?

Då Byrne endeleg meinte ho var på rett veg, døydde det mennesket som stod henne nærast og som ho budde saman med – han var også ein sentral musikalsk medspelar – i ein alder av 31 år. Eric Littmann er å høyre fleire stader i desse nye songane, i fleire tydingar enn éi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement