Oter til minne
Hvoslef demonstrerer djup klangintuisjon og virtuos orkestreringskunst.
Sjøforsvarets musikkorps, her på tokt på Byfjorden i Bergen.
Foto: Eivind Senneset
CD
Kjetil Hvoslef:
L’homme armé
Sjøforsvarets musikkorps, dir.: Ingar Bergby. LAWO 2021
Sjøforsvartes musikkorps held til på Bergenhus Festning og er det eine av to heilprofesjonelle orkester i Bergen (Bergen Filharmoniske Orkester er det andre). Den medvitne politikken deira med å engasjera vestlandske komponistar til å skriva tingingsverk, har vore givande; det provar dette albumet med tre stykke av Ketil Hvoslef.
Hvoslef, som er son av Harald Sæverud, høyrer til dei mest sjølvstendige og dyktigaste samtidskomponistane våre, med lita interesse for å fylgja motedrag i kunstmusikken. (Den einaste kontakten hans med kulturlivet er – ifylgje han sjølv – å lytta til italiensk radio.) Fantasi, gjerne med islett av barnleg nyfiken humor, kombinert med grunnsolid kompositorisk handverk, karakteriserer produksjonen hans, som gjennom snart 60 år har halde ein jamt høg kvalitet.
Tyrkisk tema
Det fyrste verket han skreiv til korpset, L’homme armé («Den væpna mannen») frå 2012, har gjeve albumet namn. Den fikse ideen bak stykket er typisk hvoslefsk. Uvanleg er derimot måten han konsiperer det på – framandt melodisk materiale, i tillegg til musikalske sitat frå dei tidlegare komposisjonane hans, spelar nemleg ei viktig rolle.
Verket krinsar kring det tyrkiske, eller rettare sagt: resepsjonen vår av det tyrkiske, ein veg han slo inn på av di vår tids korps ættar frå det osmanske janitsjarorkesteret. Utviklinga i komposisjonen er prega av 1500-talssongen «L’homme armé», som inneheld verselina «lat oss verna oss mot tyrkarane». «Marche pour la cérémonie des turcs» blir sitert i heilskap – dette herlege stykket pompøs, fransk barokkmusikk komponerte Jean-Bapiste Lully til Molières komedieballett Le bourgeois gentilhomme («Borgaren som adelsmann») i 1670. Hvoslef leikar her med materialet gjennom frie kontrapunkt og rytmiske variasjonar.
Ende i torskerusa
Ferskast er Cantus Lutra Lutra («Oterens song») frå 2018, ein dobbelkonsert for saksofon og slagverk som Hvoslef skreiv til minne om ein oter som enda sine dagar i torskerusa hans. Her skaper han ei djup og fasettert klangverd som andre komponistar berre ville klart med eit symfoniorkester til rådvelde. Konserten vitnar om Hvoslefs eineståande klangintuisjon som han realiserer med virtuos orkestreringskunst.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.