Musikk
Nye perspektiv på Baudelaire
Susanna arbeider seg djupare inn i materien.
I 2020 gav Susanna (Wallumrød) ut plata Baudelaire & piano med tekstar frå Charles Baudelaires diktsamling Les fleurs du mal. Diktsamlinga vekte oppsikt og forarging då ho kom ut første gong i 1857. Den dag i dag fascinerer diktsamlinga stadig nye lesarar. I 2014 kom ei ny utgåve av Haakon Dahlens fine norske omsetjing av verket, Det vondes blomar.
I 2020 nytta Susanna Anthony Mortimers omsetjingar til engelsk. Nokre av desse finst også på Elevation, men Dora framfører også nokre tekstar på originalspråket. Teikningar av den amerikanske multikunstnaren Cameron (Marjorie Cameron Parsons Kimmel) pryder omslag og innleggshefte på båe platene.
Elevation er sett saman av innspelingar av tre instrumentalar med Susanna og Stjern, låtar med originaltekst gjorde av Susanna og Dora og nokre låtar med engelsk tekst med Susanna åleine. Ho innleier med «Alchemy of Suffering» og avsluttar med «Destruction» – dermed er ringen slutta i både form og uttrykk.
Den minimalistiske «Rose-Pale Dawn» og dei støyinspirerte «Light Up Your Eyes» og «In Shared Ecstasy» er nydelege miniatyrar i seg sjølv, men gjev også eit tilleggsperspektiv til dei påfølgjande låtane. Delphine Doras framføring av tekstane på fransk minner om bøneresitasjon i ei katolsk messe – om ein ser vekk frå meiningsinnhaldet i orda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.