Mesteparten av musikken er framført i tradisjonell stil.
Folkemusikk
Jens Nyplass:
Leken min
Ta:lik
Felespelaren Jens Nyplass frå Røros har i 25 år vore kjend som leiar av Glåmos spellemannslag, men dette er hans første plate i eige namn. For det meste spelar han solo, men på nokre spor får han selskap av kona Siw-Marit J. Nyplass, som deltek i den særmerkte samspelsforma «grant og grovt» – det vil seia at melodien vert framført unisont, men i oktavavstand (tilsvarande når ei kvinne- og mannsstemme syng ei melodistemme saman). Og dessutan får me høyra trioen til Nyplass, med Jan Frostvoll (fele) og Bent Jacobsen (trøorgel).
Det meste av musikken er framført i tradisjonell stil – både polsane, runddansmusikken og Nyplass’ eigne komposisjonar, der «Tristaste valsen» er eit høgdepunkt. Likevel kjennest ikkje dette attendeskodande eller musealt. Tvert imot er spelet prega av ro og tryggleik, slik det ofte er når spelemannen har arbeidd grundig med stoffet. Nyplass og kameratane hans har heilt sidan ungdomsåra oppsøkt førebileta Peder og Olav Nyhus på Glåmos for å tileigna seg spelekunna.
Røros har hatt eit aktivt folkemusikkmiljø gjennom fleire generasjonar, og mellom andre Sven Nyhus (frå den eldre generasjonen) og yngre arvtakarar som Olav Mjelva og John Ole Morken, som har vore produsent på denne CD-en, har dessutan spelt inn mykje av denne musikken på plate. Nettopp difor har Nyplass valt ut Røros-musikk som er mindre kjend. Men om musikken er ukjend, er han ikkje dårleg. Tvert om: Dette er ein solid produksjon, der gamle og nye leikar utgjer ein fin heilskap.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast folkemusikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Folkemusikk
Jens Nyplass:
Leken min
Ta:lik
Felespelaren Jens Nyplass frå Røros har i 25 år vore kjend som leiar av Glåmos spellemannslag, men dette er hans første plate i eige namn. For det meste spelar han solo, men på nokre spor får han selskap av kona Siw-Marit J. Nyplass, som deltek i den særmerkte samspelsforma «grant og grovt» – det vil seia at melodien vert framført unisont, men i oktavavstand (tilsvarande når ei kvinne- og mannsstemme syng ei melodistemme saman). Og dessutan får me høyra trioen til Nyplass, med Jan Frostvoll (fele) og Bent Jacobsen (trøorgel).
Det meste av musikken er framført i tradisjonell stil – både polsane, runddansmusikken og Nyplass’ eigne komposisjonar, der «Tristaste valsen» er eit høgdepunkt. Likevel kjennest ikkje dette attendeskodande eller musealt. Tvert imot er spelet prega av ro og tryggleik, slik det ofte er når spelemannen har arbeidd grundig med stoffet. Nyplass og kameratane hans har heilt sidan ungdomsåra oppsøkt førebileta Peder og Olav Nyhus på Glåmos for å tileigna seg spelekunna.
Røros har hatt eit aktivt folkemusikkmiljø gjennom fleire generasjonar, og mellom andre Sven Nyhus (frå den eldre generasjonen) og yngre arvtakarar som Olav Mjelva og John Ole Morken, som har vore produsent på denne CD-en, har dessutan spelt inn mykje av denne musikken på plate. Nettopp difor har Nyplass valt ut Røros-musikk som er mindre kjend. Men om musikken er ukjend, er han ikkje dårleg. Tvert om: Dette er ein solid produksjon, der gamle og nye leikar utgjer ein fin heilskap.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast folkemusikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.