Musikk

Melodisk instinkt

Også det enkle treng sin meister.

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791). Utsnitt frå eit posthumt portrett frå 1819.
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791). Utsnitt frå eit posthumt portrett frå 1819.
Publisert

I teksten i omslagsheftet minnest Liv Glaser songtimane på folkeskulen då vinteren byrja å sleppa taket og dei song den lyse og vonfulle «Kom, mai, du skjønne, milde». Ikkje før ho høyrde sistesatsen frå Wolfgang Amadeus Mozarts siste klaverkonsert (nr. 27 i B-dur), som nyttar det same tematiske materialet, gjekk det opp for henne at dette ikkje var ein norsk folkesong.

Misforståinga skjønar eg godt. Ein norsk folkesong høyrest det vel ikkje ut som, men ein tysk eller austerriksk? Så absolutt, og tyske oppslagsverk listar han då òg som ein av dei få klassiske verka som «gjennom populariteten har oppnådd folkemusikkstatus».

22 lieder

Mozarts evne til å komponera iøyrefallande og (i alle høve tilsynelatande) enkle melodiar som er perfekt tilpassa versefoten i poesien, vitnar om det musikalske instinktet hans. På albumet Freundstücke akkompagnerer Glaser sopranen Ann-Helen Moen i 22 slike korte kunstsongar, som tyskarane kallar Lieder.

Sjangeren er noko me vanlegvis assosierer med romantikken, men også wienerklassisismen avla fine verk. Desse songane er gjerne enklare i forma enn dei romantiske, med eit akkompagnement som «involverer» seg mindre i songmelodien og lyrikken.

Men det enkle treng òg sin meister. Og Glaser spelar meisterleg, på eit hammarklaver som er ein kopi av Anton Walter-flygelet Mozart kjøpte i 1782. På slike historiske instrument kan ein ikkje spela like sterkt som på moderne konsertflygel. Men dei mogleggjer heilt andre klanglege og artikulatoriske finessar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement