Marknadsføringsmakkverk
Det «virtuelle bandet» Heartstone syng generisk boybandmusikk som læt som han er generert av KI.
Pop
Heartsteel:
Paranoia (League of Legends)
Riot Games
Tidlegare denne veka sende radiokanalen BBC World Service eit intervju med komponisten bak musikken til rollespelet Starfield. Han tala om filmmusikalske triks som var meinte for å stimulere fantasien, til dømes «romakkordar». Interessante greier, det ser ut til at spelmusikk blir tatt på alvor i hovudstraumen, og det med rette.
Men det er ikkje all spelmusikk som er rett. Heartsteel, ei fiktiv musikkgruppe som går inn under marknadsføringa av ei komande utvidingspakke til League of Legends – eit spel frå 2009 som har blitt ei av dei største e-sportsgreinene i verda – er i beste fall interessant i eigenskap av å vere ein kuriøs artefakt av epoken vi lever i. Riot Games har nylig gjeve ut den første singellåten til «bandet», «Paranoia».
Medlemene i det fiktive bandet er utstyrte med biografiar som, til liks med musikken og den tilhøyrande videoen, er komplett uforståelege. Iallfall for den som ikkje følgjer med på e-sport: Kayn har bursdag 30. oktober (men seier det er 31.), kallenamnet er Haast, han har «bjeff og bitt».
«Paranoia» er ein generisk og påtrengande boyband-liknande song som læt som han er skriven av ein kunstig intelligens på barneskulen. Lyrikken speglar den bokstaveleg tala latterlege forkortinga av tittelen på spelet: «LoL». Døme: «Reality is just a recycled dream» og «Waiting for the death of a rockstar».
Faren for at det sistnemnde blir røynd, er minimal, for om noko kan kallast makkverk, må det vere dette. Diverre har fleire slike oppdikta band blitt forma kring «LoL», og målet er vel å selje «skins» – kosmetiske oppgraderingar av spelarkarakterane som dei stakkars spelarane kan kjøpe for å uttrykkje sin unike identitet med, i League of Legends. Heile opplegget er heilt feil.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.