Mangfaldige Gard Nilssen
Supersonic Orchestra er eit vulkanutbrot av eit storband
Gard Nilssen er hovudmannen bak Supersonic Orchestra.
Foto: Anna Niedermeier
Jazz
Gard Nilssen’s Supersonic Orchestra:
Family
Signe Emmeluth, Kjetil Møster, André Roligheten, Per «Texas» Johansson, Maciej Obara, Mette Rasmussen og Eirik Hegdal, saksofonar, klarinettar og perkusjon; Thomas Johansson og Goran Kajfes, trompet og perkusjon; Erik Johannessen og Guro Kvåle, trombone og perkusjon; Petter Eldh, Ingebrigt Flaten og Ole Morten Vågan; bass og perkusjon; Hans Hulbækmo, Håkon Mjåset Johansen og Gard Nilssen, trommer og perkusjon. We Jazz Records
For fire år sidan var Gard Nilssen residerande musikar på Moldejazz. Den store sensasjonen var konserten med det 16 musikarar sterke Supersonic Orchestra. Konserten er å høyra på If You Listen Carefully The Music Is Yours (2020).
No er oppfølgjaren klar. Family er eit konsertopptak frå Haag i oktober i fjor. Besetninga er mest uforandra. Signe Emmeluth har erstatta Hanna Paulsberg, og Erik Johannesen har fått ein kollega i Guro Kvåle. Åtte nye låtar, komponerte og arrangerte av Roligheten og Nilssen, fungerer sjølvsagt som springbrett for sjenerøse, improviserte parti, men er òg spanande prov på utviklinga til Roligheten og Nilssen som komponist- og arrangørtandem.
Dei to utviklar ein heilskap av det improviserte og det komponerte/arrangerte som gjev Family ein fascinerande tilleggsdimensjon, der «Dolphin Disco» er eitt av fleire gode døme på nettopp dette. Dei sjonglerer med stilelementa og kan i den eine augneblinken skapa assosiasjonar til Chris McGregor Brotherhood of Breath eller Art Ensemble of Chicago for så å peika i meir tradisjonell retning til Kenny Clarcke-Francy Boland Big Band.
Kvaliteten på lydopptaket er framifrå, og gjennom miksinga har dei halde på konsertromkjensla utan at for mange detaljar forsvinn. Ein er rett og slett på konsert. Gard Nilssen skal ha all ære for at han maktar å halda liv i eit så stort og stjernespekka orkester. Det er å vona at dei rette kulturpolitiske styresmaktene kjenner vitjingstida si.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.