Kom inn i sirkelen, Joseph
Det har gått sju år sidan The Handsome Family sist gav ut plate.
Brett og Rennie Sparks har laga sin eigen særmerkte vri på americana, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Handsomefamily.com
Americana
The Handsome Family:
Hollow
Loose Music
Eg er ikkje sikker på kva eg hadde gjort om det var ekorn i kjellaren og vaskebjørnar i veggene, slik tilfellet er i dei første linene av «Skunks», ein av songane på det nye albumet til The Handsome Family, men eg hadde i alle fall ikkje bestilt skadedyrkontroll frå firmaet i låten, som ein vel kan seie driv ein praksis på sida av det normale.
Ei ny plate frå The Handsome Family! Hjartet syng. Bandet, som framleis består av ekteparet Brett og Rennie Sparks, har laga sin eigen heilt særmerkte vri på americana i meir enn tre tiår.
Brett komponerer, Rennie skriv tekstane, og resultatet er rufsete, mørk og skakk alternativcountry med mysande skråblikk, og rett som det er, glimt i auga.
«Skunks» er typisk – og inspirert av stinkdyrfamilien som flytta inn under soverommet til ekteparet. «Dei grynta og feis aggressivt kvar gong nokon opna ei skapdør», fortalde Rennie Sparks då songen kom ut for nokre veker sidan: «Det vart eit problem.»
Draum
Det har gått nokre år sidan førre album, Unseen (2016), der dei to hadde fått med seg tre gjestemusikarar. På Hollow, som er den ellevte plata deira og vart skriven og spelt inn under pandemien, er det nok ein gong berre dei to.
I ein omtale på plateselskapets nettsider fortel Brett korleis «Joseph», den første singelen frå utgivinga, vart til. Klokka fire ei vinternatt byrja Rennie å hyle i søvne. «Come into the circle, Joseph!», skreik ho, «there’s no moon tonight!» Det var sjølvsagt skremmande, men, tenkte Brett, for eit refreng det også er! Neste dag gjekk dei i gang med å lage songen.
For dei som har høyrt duoen på ein scene – dei har gjesta Noreg fleire gonger – vil ikkje denne historia overraske, men tvert om kjennast typisk for småpraten mellom songane. Og akkurat dei bør ein helst lytte til som små dikt eller forteljingar, og få med seg orda, for dei har store litterære kvalitetar.
Menneske og stader vi veit om, men sjeldan høyrer om i songar, finn vegen inn (treng du eit døme, lytt til «All the Time in Airports» frå 2006). Rennie Sparks har skrive nokre av dei finaste tekstane eg veit om, rett og slett.
Natur og sivilisasjon
I eit føredrag ho heldt ved the New School i New York hausten 2013, gir Sparks eit innblikk i både korleis ho ser verda, og korleis ho skriv (eit lydopptak finst på YouTube).
Mykje av det ho seier, er henta frå ei lita essaysamling som følgde boksversjonen av albumet Wilderness (2013), der ho med stor fascinasjon skildrar tilværet til gnuar og termittar, og mangt anna frå dyreverda.
Fleire av skapningane vi lever relativt tett på, forstår vi oss likevel så lite på: Dei menneskelege førestillingane er så prega av kva vi ønskjer å sjå, og oftast utgjer dei eit spegelbilete av oss sjølve.
Hollow held (mellom anna) fram med å undersøkje grenselandet mellom natur og sivilisasjon, slik både Wilderness og Unseen gjorde, men når det er sagt, yter ikkje ein slik karakteristikk songane rettferd – dei finn nemleg sin eigen veg gjennom assosiasjonar og avstikkarar, og endar som ein refleksjon som ikkje liknar på noko anna. Ein vesentleg ingrediens i det heile er den djupe og mørke røysta til Brett Sparks, som er akkurat slik ho må vere.
Hollow står støtt i ein solid diskografi, og nokre av bileta og stemningane her står ikkje tilbake for det beste The Handsome Family har laga. Høyr på «Two Black Shoes», til dømes, eller «Strawberry Moon» – songar som rommar utruleg mykje meir enn den korte speletida skulle tilseie.
Hollow kjem ut neste fredag.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.