Hoodoo Lady
Memphis Minnie (1897–1973) var ei stor blueskjelde og ein inspirator for mange.
Uttrykket til Minnie er rytmisk drivande og rått, som mykje av den gamle bluesen, men musikken er samstundes vart og elegant framført, skriv Stein Urheim.
Uttrykket til Minnie er rytmisk drivande og rått, som mykje av den gamle bluesen, men musikken er samstundes vart og elegant framført, skriv Stein Urheim.
Tidleg i tenåra sjekka eg ut alle slags innspelingar av bluesartistar frå 1920- og 30-åra. Eg tykte dette var den ultimate skattekista, med sprakande opptak av musikarar som ikkje lenger levde, men som hadde gjort sine særprega røyster, gitarar, piano, munnspel og songar udødelege. Songar frå ei anna tid, spelte så ein kunne drøyme seg inn i ljoden og attende til ei heilt anna røynd, og ikkje minst, lære seg korleis ein kunne kopiera speleteknikk og stil og meistre sitt eige instrument gjennom den utrykksfulle musikken.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.