Musikk

For fire hender

Klaverversjonen av Stravinskijs Vårofferet er krass kost.

Leif Ove Andsnes og Marc-André Hamelin (i framgrunnen) bak kvart sitt flygel i Grieghallen.
Leif Ove Andsnes og Marc-André Hamelin (i framgrunnen) bak kvart sitt flygel i Grieghallen.

Konstellasjonen er ikkje vanleg: to pianistar bak kvart sitt konsertflygel i ein stor konsertsal, heilt utan noko orkester å gøyma seg bak. Då Leif Ove Andsnes byrja samarbeidet med den kanadiske kollegaen Marc-André Hamelin i 2017, var han open om at slikt kunne koma i konflikt med den kunstnarlege og tekniske intimsona til ein profesjonell pianist: «De fleste pianister er litt redde for dette, fordi det føles sårbart når to pianister har forskjellige anslag, på grunn av instrumentets natur og følsomhet i strengene. Bare det å føle timingen og rytmen sammen kan være veldig utfordrende.»

Eg veit ikkje korleis dei fyrste øvingane deira høyrdest ut, men under konserten i Grieghallen lét det for det meste dønn presist og samstemt. Dei beste partia var likevel der dei våga å dyrka ulikskapen – med kvar sin anslagstype og timing.

Mødesamt

Alle verka på programmet var for to klaver. Det opna med ei kraftoppvisning i samspel: amerikanske John Adams’ (fødd 1947) Hallelujah Junction frå 1996, som er bygd opp av små motiv utvikla gjennom stadige repetisjonar. Eit kvarter varte det, og det var mødesamt å lytta til.

Overgangen kunne ikkje vore større til den tyske romantikaren Robert Schumanns (1810–1856) Seks studiar i kanonisk form, op. 56 (1845). Desse studiane er eigentleg komponerte for «pedalflygel», ein spesiell type klaver med pedal som organistar kunne øva åleine på. (Før ein utvikla orgel med elektrisk driven belg, måtte organisten alltid ha med seg nokon til å driva belgen.) Fleire av kanonane (stykke der to eller fleire stemmer etter kvarandre spelar den same melodien) er yndige atterklangar av barokken. Men dei har òg ein eigen svip av songleg romantikk.

Nytt nivå

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement