Musikk
Fargerik vev
Improvisasjon og arrangement smeltar fint i hop.
Anders Røysum er klar med andreplata halvtanna år etter debuten og tek konseptet eit steg vidare. Framleis er det snakk om ei blanding av etnisk inspirert musikk og frijazz, men denne gongen tenderer det etniske mot afrikansk musikk. Ensemblet er mest uendra, men tablaen er ikkje med denne gongen. Ein dimensjon går tapt, men Asheim blir tydlegare igangsetjar og kraftsentrum.
Musikken er ein kompleks vev av korte, men skiftande riff, korte, ekspressive utblåsingar og eit massivt rytmisk fundament med bassane og celloen som putrar og går. Hovudmønsteret blir brote gjennom dei frie «samtalane» «Kvintett (for Leroy Jenkins)» og «Kvartett (for Joseph Jarman)», ein nydeleg gongsekvens og ditto rubato blåseintro på den japanskinspirerte «Sawakuro», der Marthe Lea spelar utruleg vakkert – både lyrisk og intenst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.