Musikk

Elegisk energi

Kristina Vårlid reiser eit klingande gravmæle over kunsten til ein nær ven.

Den norske klassiske gitaristen Kristina Vårlid.
Den norske klassiske gitaristen Kristina Vårlid.
Publisert

Tombeau for Sabrina, heiter opningssporet på Kristina Vårlids nye plate. Namnet på dette stutte verket av den tsjekkiske komponisten Štepán Rak (fødd 1945), der gitaren bylgjer i brotne mollakkordar som ei på harpe, kunne vore albumtittel. Utøvarens motivasjon bak innspelinga er nemleg den same som bak komponistens verk: Dei ynskjer å minnast Sabrina Vlaškalic (1989–2019), ein gåverik serbisk klassisk gitarist som – dagen før ho fylte 30 år – døydde i ei trafikkulukke i Groningen i Nederland.

Gåverik er også Vårlid (fødd 1994) frå Stavanger, som var eleven til Vlaškalic og hennar nære veninne. Vårlid blei professor ved konservatoriet i Groningen alt som 24-åring.

Rak og Kosjkin

I Tombeau for Sabrina har Štepán Rak teke opp ein sørgjemusikktradisjon frå barokken. Dette var ein type musikalske gravmonument som vanlegvis blei komponerte for lutt; tombeau er fransk for «gravmæle». Vårlid spelar det ukunstla verket med elegisk energi. Fleksibiliteten i tempoet, dei små pausane mellom frasane – slike verkemiddel byggjer opp ei eiga spenning som stadfester det gamle tyske musikarordtaket om at «pausar også er musikk».

Andresatsen «Adagio» i Sonata no. 2 av russiske Nikita Kosjkin (fødd 1956) har mykje av det same uttrykket, men er meir kompleks. Både her og i den framoverlente opningssatsen «Allegro Moderato» får utøvaren godt fram kontrasterande melodiar i dei ulike registera. Stykket utnyttar gitarens tekniske kapasitetar til fulle.

Finalen «Allegro» er nervøs, med eit abrupt bassmotiv som går att gjennom heile satsen. Kompositorisk er han likevel sonatens svakaste. Bassmotivet kjem for ofte. Når det dukkar opp att mot slutten, gong på gong, med affekterte pausar mellom, er effekten for lengst oppbrukt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement