Musikk

Bjeff og frijazzrap

Lil Bs to nye utgjevingar dekkjer eit breitt uttrykksspekter.

Publisert

Lil B er ein av pionerane innan det som vert kalla cloud rap, på grunn av ein ofte svevande, draumeaktig stil og bruk av internett («skya») som publiseringskanal. Han starta karrieren som 15-åring i 2004, har gitt ut rundt 2000 låtar og er stadig i det produktive hjørnet: Dei nye albuma Call of Duty Task Force og Afrikantis kom ut samtidig.

Call of Duty Task Force er ei solid samling med noko for kvar rapsmak. «Cotham City» er ein hardtslåande gangsta rap; «Blackout» tek eit dykk ned i mørkare lydlandskap med djupe basstrommer, bjeff, knips og eit forfriskande skeivstemt synthriff. «Nike Air» er luftig og funky; «No Doubt» oser av klassisk rapmusikk med konsise funk- og jazzsamplingar, scratching og spretten gitarriffing. «Dub» er leikent melodisk, «Bag Lady» underleg skakkøyrd; «The Bigger Person» har eit varmt og jazzete preg medan «BasedGod We Need You» læt frijazzaktig.

Albumtittelen spelar på ein kjend spelserie, og Afrikantis har eit lydbilete som minner om tidleg PC-spelmusikk. Her er det skeive og underlege instrumentalar som dominerer. På opningssporet «My Father’s Drums» vert forfriskande ufaglært tromming kombinert med eit virvar av frijazzinspirerte synth-horn og spinnvill, atonal midi-pianoklunking. Fjerdesporet «Kim» er dominert av afrikanskklingande perkusjon, djupe bass- og tamtamtrommer med romsleg klang og fusion jazz-tangentinstrument. Nokre spor seinare, på «Solano Stroll», vert arven frå Captain Beefheart blanda med euforisk 90-talstrance.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement