Åtte ouverturar
Operaorkesteret spelar opningar på norske operaar.
Operaorkesteret har 101 fulltidstilsette musikarar.
Foto: Jorg Wiesner / Den Norske Opera & Ballett
CD
Thrane, Udbye, Haarklou, Olsen, Aspestrand, Elling, Borgstøm, Eggen:
Norwegian Opera Ouvertures
Operaorkesteret, dir.: Ingar Bergby. LAWO 2021
«Den norske operalitteraturen er en godt gjemt og altfor lite kjent perle i vår nasjonale kulturarv.» Det skriv Håvard Vegge, sjefen for Den Norske Opera & Balletts operaorkester, i omslagsheftet til albumet Norwegian Opera Ouvertures. Som tittelen seier, får me her det instrumentale opningsnummeret frå åtte operaar av like mange norske komponistar, komponerte mellom 1824 og 1940.
Spørsmålet om kvifor den norske operaarven er så ukjend, blir verande ope i Vegges tekst. Verka blir i alle høve svært sjeldan – om i det heile – framførte i dag. Har dette å gjera med at den musikalske og dramatiske kvaliteten ikkje når opp i konkurranse med operalitteraturens internasjonale standardverk? Eller med at dramatikken verkar irrelevant i vår tid, at handlinga ikkje tematiserer spørsmål så universelle at me framleis søkjer svaret på dei? Eller botnar det i at denne kunstforma framleis er temmeleg framand for vår nasjonale kultur?
Tapt sjanse
Om me samanliknar Noreg med Tyskland, hadde kvar mellomstor by der seinast frå 1800-talet av sitt eige operahus. Ingen stilte spørsmål ved det. På 1700-talet ville kvar ein fyrste i dei tyske småstatane skilta med ein slik institusjon, og på 1800-talet blei operaen eit sjølvsagt uttrykk for kulturen til danningsborgarskapet og aristokratiet. I Noreg, derimot, opna ikkje det fyrste operahuset før i 2008 – etter ein nasjonal debatt om dette verkeleg var noko me trong.
For meg representerer Edvard Grieg den største sjansen me har hatt når det gjeld å tilføra den internasjonale operalitteraturen eit norsk bidrag. Det var ein tapt sjanse. Denne fremste komponisten vår hadde ein velutvikla angst andsynes dei store musikalske formene og fekk seg aldri til å fullføra nokon opera. Olav Tryggvason, op 50 (med Bjørnson-libretto, påbyrja 1873), blei verande fragment og er ikkje med på Operaorkesterets plate.
Det at eg valde Tyskland som samanlikning ovanfor, er ikkje tilfeldig. Musikalsk var det denne store kulturnasjonen me identifiserte oss mest med i over eitt hundreår, før andre verdskrigen sette ein stoppar for det. Eit raskt blikk på biografiane til komponistane på plata syner at sju av dei åtte hadde studert i Leipzig. Og han som ikkje gjorde det, Waldemar Thrane (1790–1828), døydde før Leipzig-konservatoriet blei oppretta av Mendelssohn i 1843, som den fyrste tyske institusjonen i sitt slag.
Thrane og Udbye
Thrane frå Christiania er med god margin den eldste komponisten på albumet. Hans Fjeldeventyret frå 1824 blir gjerne sett på som byrjinga på den norske operalitteraturen. (Sjølv om stykket strengt teke er eit syngespel, med talt dialog mellom musikknummera). Ouverturen er av potpurritypen, altså med musikalsk materiale frå satsar som kjem seinare i verket. Han har elegant orkestrering, med fin bruk av solohorn og -obo, og syner den klåre klangteksturen me kjenner frå tidlege romantikarar som Carl Maria von Weber. Den songlege melodien i toppstemmene står i fokus, medan harmonikken og basstemma er enklare. Operaorkesteret fylgjer her godt dei (tidvis brått) skiftande karakterane utetter i satsen.
Ein tyngre og tettare klangtekstur høyrer me i ouverturen til Fredkulla (1859) av Martin Andreas Udbye (1820–1889). Operaen med handling frå Magnus Berrføtts saga blei faktisk ikkje urframført før i 1997, under 1000-årsjubileet til Udbyes heimby Trondheim. Eg har sans for satsen, som byrjar in medias res med ein svulmande og vedvarande rytmikk, ikkje ulik den Mendelssohn fekk så suverent til i «Hebridane-overturen». (Udbyes lærar i Leipzig var faktisk Moritz Hauptmann, ein prominent Mendelssohn-elev.)
Haarklou og Borgstrøm
Wagnersk er ouverturen til Væringene i Miklagard, som Johannes Haarklou (1847–1925) laga kring 1900, ein nasjonal operaforkjempar frå garden Hårklau i Haukedalen i Sunnfjord. Stykket er det minst engasjerande på plata; sjølv i sympatisk tolking går utviklinga for seigt og vantar eit tilfredsstillande klimaks.
Meir bit er det i Hjalmar Borgstrøms (1864–1925) ouverture til Thora paa Rimol, ein sagaopera frå 1894 som handlar om Håkon Sigurdsson, jarlen som enda sine dagar i grisebingen med trælen Kark. Musikken er stilistisk samansett og har ei dramatisk utvikling så skifterik at satsen verkar som ein liten tragedie i seg sjølv.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?