Musikk

Arkivet:Jason Isbell i Nashville

Jason Isbell (nr. 4 f.v.) og bandet The 400 Unit då dei kom til Grammy-utdelinga i år.
Jason Isbell (nr. 4 f.v.) og bandet The 400 Unit då dei kom til Grammy-utdelinga i år.
Publisert

Det blei mange fine stunder i løpet av dei seks utselde kveldane då kvalitetsartisten Jason Isbell gjesta Rymans i Nashville med bandet The 400 Unit – og no er nokre av høgdepunkta samla på Live from the Ryman (Thirty Tigers/Border Music). Her kjem dei trillande, ein etter ein, songane på Southeastern (2013), Something More Than Free (2015), og The Nashville Sound (2017), alle framførte av ein artist og eit band i toppform.

Det kan høyrest i overkant kvasimytologisk ut, men Isbell, som fleire også vil kjenne frå dei seks åra han var med i Drive-By Truckers, vart på sett og vis fødd inn i musikken. Han kjem frå Muscle Shoals i Alabama, den vesle byen som er kjend for dei to legendariske musikkstudioa FAME og Muscle Shoals Sound Studio, der absurd mykje trygt kanonisert popmusikk vart til i gullalderen. Som gutunge fretta han musikklæraren sin ut om Robert Johnson, ein anekdote han sjølv får fortelje om i Blake Ells’ vesle bok The Muscle Shoals Legacy of Fame (2015), som han også skreiv eit føreord til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement